Lokal | 18. feb. 2016

Berre økonomisk velstand i Os?

Sivilavdelinga ved Os lensmannskontor opplever nedgang i alle tvangsrelaterte saker - men oppgang i bestilling av pass!

Berre økonomisk velstand i Os?
Åsta Bakke er leiar for sivilavdelinga ved Os lensmannskontor. Ho trur talet på tvangssaker kan koma til å auka i 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. feb. 2016 12:08

I dag fekk pressen servert statistikk for 2015 frå Os lensmannskontor.

Første del handla om dei sivile sakene lensmannskontoret handterte i fjor.

– Frå 15. juni blei utlendingssakene, som blant anna omfattar søknad om opphaldsløyve, sentralisert. Alle desse sakene blir no behandla anten ved SUA-senteret i Bergen (EU/EØS-borgarar) eller ved Utledningsseksjonen i Fana (borgarar utanfrå Europa), fortalte leiar for sivilavdelinga i Os, Åsta Løberg Bakke.

– Vi var i grenseland, men klarte heldigvis å unngå nedbemanning som konsekvens av sentraliseringa.

Færre problem - fleire reiser

Statistikken viser nedgang innan både tvangssaker, forliksrådssaker, forkynning og dødsfall, men oppsving innan bestilling av pass.

TAL FOR 2015 (2014 i parantes)
Tvangssaker: 1209 (1307)
Forliksrådssaker: 325 (348)
Forkynning (sivil og straff): 462 (482)
Dødsfall: 100 (108)
Pass: 2809 (2627)

– Ventar auke i 2016

Ved lensmannskontoret er dei ikkje så overraska over at ikkje nedgangen i økonomien har prega mengda tvangssaker.

– Det tar ofte litt tid før det slår ut på vår saksmengd. Etter finanskrisa i 2008 auka talet jamt fram til «all time high» i 2011, får så å auka yttarlegare i 2014.

– Eg trur nok at talet kjem til å auka i 2016, kanskje òg i 2017, seier Bakke.

TVANGSSAKENE FORDELER SEG SLIK (2015 i parantes):
Utlegg: 1137 (1234)
Utkasting: 19 (19)
Tvangssal/tilbakelevering: 26 (38)
Anvisning/innkrevjing: 23 (14)
Utlevering: 4 (2)
Naturskader: 9 (0)

– Naturskadene stammar frå uvêret «Nina» og handlar om installasjonar som ikkje er omfatta av forsikring, for eksempel ein skadd veg. I vårt tilfelle handlar alle sakene om skadd brygge, kai eller molo.

Tett med «luksusfeller» også i Os

Sjølv om talet går ned ønskjer lensmannskontoret å åtvara særleg unge innbyggarar mot forbrukslån og ivrig bruk av kredittkort.

Med eit snitt på 3,1 utlegg per dag (!) er det tydeleg at mange osingar har problem med å betala rekningane sine.

– Vi skulle ønskja at vi hadde kapasitet til å driva eit stykke førebyggande arbeid, for det er mange som kjøper på kreditt i staden for å spara. Det er rikeleg med tilbod om lån som sikkert kan få alt til å sjå enkelt ut, men som kan vera første steg inn i eit tyngre økonomisk uføre.

– Gjeldsrågjeving er det NAV som tar seg av og eg har inntrykk av at dei har mykje å gjera på dette feltet.

Gyldig pass er ikkje alltid godt nok

Fleire bestilte seg nytt pass i 2015. Pass for vaksne kostar 450 kroner, for born under 16 år er prisen 270 kroner.

Politiet held fram med å anbefala å bestilla tidleg, i mai og juni i fjor var det svært hektisk for dei som styrte med nye pass.

– I år har fleire vore tidleg ute, men det kan ha samband med at påske- og vinterferie er slått saman til to friveker.

At passet ditt er gyldig til du har kome heim frå ferie er ikkje alltid nok!

– Eg vil òg oppmoda folk å sjekka kva krav som gjeld for landet du reiser til. Fleire krev at passet ditt skal vera gyldig 3 eller 6 månadar ETTER at du har plan om å reisa heim.

Kva kvart land krev finn på UDI si side; landsider.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.