Lokal | 13. nov. 2014

Beste oktober nokosinne

Merker lite til AdO Arena. Vel 13.000 var innom Osbadet i oktober. – Det er rekord for oktober sidan badet opna i 2006, seier Bård Alfstad.

Beste oktober nokosinne
Dagleg leiar i Osbadet, Bård Alfstad kan gle seg over rekordvitjing i oktober (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 13. nov. 2014 14:52

Etter ein treig sommar, kor folk, ikkje overraskande, foretrakk å bada utandørs i finvêret har det tatt skikkeleg av i Osbadet i oktober.

– Vi såg nettopp på tala.

– Totalt har vi hatt vel 13.000 gjester innom i løpet av oktober.

– Det er den beste oktober sidan badet opna og den fjerde beste månaden totalt sett.

– Talet omfattar både vanleg betalande gjester, kurs, grupper og skuleelevar, fortel dagleg leiar, Bård Alfstad.

Trur på positiv effekt

Mange frykta kanskje at AdO Arena ville ta badande frå Osbadet når dei opna.

– No er det for tidleg å si noko om den varige effekten, men så langt har vi ikkje inntrykk av det.

– Derimot trur eg det berre er positivt at ein har fått ei storstove i Bergensregionen.

– Det å få fleire svømmeflater gjer at sporten får større merksemd og fleire som vil bruka det både til konkurranser og mosjon.

– Frå dei opna til i dag har vi 5% auke i besøkstala, seier badesjefen.

Gjester frå Sentralbadet

Alfstad, som tidlegare også hadde driftsansvaret for Sentralbadet, fortel at han har byrja å sjå att fleire av dei tidlegare gjestane sine.

– Etter at AdO opna og Sentralbadet stengde har eg møtt att fleire av dei som nytta Sentralbadet på førmiddagane.

– No tek dei i staden turen hit.

– I tillegg har Helse Bergen flytta noko av aktiviteten sin opp hit.

Blir nærbasseng for Fana

Etter at Ado opna har bydelsbassenga i Bergen, mellomanna på Slåtthaug, stengt for ordinær publikumsbading i helgene.

– Det er nok ikkje ei ulempe for oss.

– Slik eg har skjønt det så kan ein få tilgang til bassenga om ein er medlem i ein svømmeklubb, men då trur eg heller at fanabuarane tek turen opp hit.

Imponerande anlegg

Badesjefen, som har lang fartstid i bransjen, fortel at han er imponert over anlegget han har fått ansvaret for.

– Eg har vore i mange anlegg, både i Noreg og ellers i Europa.

– Med handa på hjarte, dette anlegget er av dei aller beste eg har tråkka i når det kjem til luftkvalitet.

– I tillegg syner målingane at vatnkvaliteten er veldig god.

– Oppgåva vår framover blir å oppretthalde det høge nivået og å fornya oss innhaldsmessig, avsluttar Alfstad.

Mellomanna lanserar Osbadet no Swim-tag som basseng nummer to i Norden og utlyser namnekonkurranse på ein ny maskot.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.