
F.v.: Gunnar Kvåle, prof. ved Senter for internasjonal helse, UiB, Sigbjørn Grønås, prof. em. meteorologi, UiB, Gro Fjeldtvedt, sjølvstendig næringsdrivande innan helsefremjande arbeid og Bjørghild des Bouvrie, pensjonist. (Privat foto)
Besteforeldre i aksjon
Laurdag 7. januar hadde "Besteforeldrenes klimaaksjon i Bergen og Hordaland" si fjerde markering i Bergen sentrum. Éin gang i månaden samlar engasjerte besteforeldre seg på Torgalmenningen for å gje informasjon om, og uttrykka si bekymring, for norsk klimapolitikk.
– Ekspertane er samde om at det går for seint, det hastar med å gjera store grep. Samstundes somlar politikarane, det skjer for lite, meiner Gro Fjeldtvedt.
– Vi er mange besteforeldre som er engasjert i denne internasjonale kampanjen, men det er også plass til folk i andre aldrar.
«Eg veit kva de snakkar om, for eg og pappa deler bil med andre.»Sara-Johanne Sabri-Reme, 6 år
Besteforeldrenes klimaaksjon består av besteforeldre med ulik bakgrunn, politisk ståstad og erfaring.– Vi besteforeldre har eit stort ansvar for barnebarna våre. Vi er urolege for framtida og ser at politikarane ikkje tar dette problemet på alvor. Derfor har vi eit moralsk ansvar for å reagera, seier aksjonistane frå Os og Fusa.
– Det er lokalkontor rundtom i landet og vi vil gjerne ha fleire med, inviterer ho.
Meir informasjon om kampanjen finn på besteforeldre.framtiden.no
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
