
Bestiller telt
I dag startar delar av Vårsleppet, med tivoli på grusbanen ved ungdomsskulen. Laurdag held Vårsleppet fram med utstillingar, aktivitetar og utandørskonsert med deLillos og Turbostipend i Os sentrum.
Langtidsvarselet fekk arrangørane til å jubla før førre helg, men allereie måndag slokna den gode stemninga. "Kraftig regn" har yr.no meldt, men i løpet av dagen i dag har det gått over til delvis skya og nokre byger.
- Vi tar likevel ikkje sjansen på at utandørskonserten skal bli for våt, derfor har vi no bestilt telt, seier Espen Risti.
Torsdag var det for tett på konserten til å flytta konserten inn i stortelt, derfor har arrangørane bestilt fire telt som skal stå på området.
- Då får vi plass til rundt 800 under tak, om det skulle koma nokre tunge byger. Området framme ved scenen blir framleis ope.
- Kva med Opus og uterestauranten?
- Opus held ope, men under konserten er det berre dei med konsertbillett som kjem inn.
- I tillegg har vi eit VIP-område framme ved scenen, med brennevinsløyve. Her sel vi billettar til bedrifter, og det er framleis nokre billettar igjen.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no