Lokal | 03. apr. 2013

Betalte Bergen 5,6 mill

Os kommune betalte 5,6 millionar kroner for barnehageplassar i Bergen kommune i 2012. – Ein konsekvens av at vi var kjipe i 2011, meiner kommunalsjefen.

Betalte Bergen 5,6 mill
Tenesteutvalet fekk grunn til å bli uroa over utgiftene til barnehagene (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 03. apr. 2013 19:10

Den statlege finansieringsordninga for barnehageplassar gjer at ein barnehageplass kostar kommunen mellom 68 000 (born over 3 år) og 168 000 (born under 3 år) uansett om barnet går i ein barnehage i kommunen eller i ein av nabokommunane.

Då kommunalsjef Ingvar Torsvik presenterte årsrapporten for 2012 kom det fram at Os kommune har betalt tilsaman 5,6 millionar til Bergen kommune for barn frå Os som har plass i byen. Dette er 1,375 millionar meir enn kommunen hadde budsjettert med.

– Vi sit i saksa uansett korleis vi snur oss.

– Den siste rekninga frå Bergen var på 3 millionar i desember, mykje høgre enn vi hadde venta, forklarte Ingvar Torsvik for Tenesteutvalet.

Konsekvens av 2011

Sjølv om Os har hatt full barnehagedekning dei siste åra, trur Torsvik at noko av grunnen skriv seg tilbake frå 2011 då det var trangt om barnehageplassane.

– Folk tok truleg sine førehandsregler då det var trangt i 2011.

– Det hjelper ikkje vera kjip på barnehager i Os når vi får rekninga uansett, meinte Torsvik.

– Vi er ikkje dei eineste som opplev dette. Dei har same utfordringa i Fjell som òg ligg så nær ein storby som Bergen, supplerte barnehageansvarleg Irene Ullensvang.

Ikkje mogleg å fange opp

Ullensvang forklarte korleis barnehagekontoret heile tida kontrollerer lister og oversiktene for å halde oversikten.

– Likevel er det mest umogleg å halde kontrollen. Vi sjekker og sjekker listene mot bustadadresser, oppstartdato og lignande, men likevel er det ei vanskeleg. Det er ein fortvila situasjon, forklarte Ullensvang på spørsmålet om ikkje det hadde vore mogleg å oppdaga sprekken tidlegare.

– Vi avdekkar riktig nok at det av og til er feil i listene frå Bergen, men då reagerer vi sjølvsagt, fortalde Ullensvang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.