Luftambulansen rykte ut til Øyane etter arbeidsuhellet. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bevisstlaus etter arbeidsuhell

Luftambulansen rykte ut til Øyane.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag klokka 15.15 rykte politi, ambulanse og luftambulanse ut etter melding om arbeidsuhell på ein båt.

– Han skal ha vore bevisstlaus, men fekk hjelp av kollegaer på staden fram til helsepersonell kom til staden, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Uhellet skjedde i samband med arbeid med kjemikalie. Vedkomande, ein mann i starten på 20-åra, hadde pusta inn noko som førte til reaksjon.

– Mannen blei frakta til sjukehus. Vi veit ikkje noko om tilstanden hans.

Politiet har oppretta sak på arbeidsuhellet.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.