Lokal | 05. sep. 2014

Bilbeltekampanje på Vestlandet

Statens vegvesen kjører ekstra mange kontrollar denne helga. Har du usikra ungar i bilen blir det prikkar på førarkortet.

Bilbeltekampanje på Vestlandet
Vegvesenet kjem til å ha fleire kontrollar på Vestlandet denne helga. (Arkivbilde: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. sep. 2014 07:49

Statens vegvesen vil sjekka bruk av bilbelte i trafikken på Vestlandet og i resten av landet denne helga, frå fredag ettermiddag til seint søndag kveld.

– Vi skal vera ute heile helga, men kjem til å prioritera fredag kveld, natt til laurdag, laurdag kveld og natt til søndag, sier Thorbjørn Thiem.

Thiem er rådgjevar innan trafikktryggleik i Statens vegvesen Region vest.

– Undersøkingar viser at fire av ti drepte i trafikkulykker på landsbasis ikkje brukte bilbelte. Menn i alderen 18-30 er ofte involvert. Rus og høg fart går også igjen.

Tett til kroppen

– Heldigvis er dei fleste flinke til å bruka bilbelte, men det er også viktig at beltet blir brukt riktig.

- Beltet skal sitja tett inntil kroppen og ikkje vera vridd. Det skal ligga stramt nede på hoftene og alltid over skuldera.

Usikra ungar gir strengare reaksjon

Blir du stoppa utan bilbelte får du 1500 kroner i gebyr. Har du usikra passasjerar under 15 år blir føra meldt til politiet.

Då kan det bli både dyrare og resultera i to prikkar på førarkortet. Er bilførar ung og i prøvetida blir det fire prikkar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.