Lokal | 11. juni 2014

Billigare til byen

Fylkeskommunen endrar til éi takstsone i heile Hordaland. Os - Bergen går ned frå 47 til 33-34 kroner for enkeltbillett.

Billigare til byen
Frå 2015 blir det billigare å nytta buss til byen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 11. juni 2014 09:21

På fylkestinget på Voss i dag sikrar fleirtalet beståande av FrP/H/V at ordninga med einheitstakster i Bergen blir utvida til å gjelda heile Hordaland.

Det betyr mellomanna at bussbilletten frå Os til Bergen som i dag kostar 47 kroner blir redusert. Den nye prisen er ikkje endeleg satt, men partia reknar med at den nye taksten blir rundt 33-34 kroner.

– Bussen blir med dette ekstremt konkurransedyktig på pris, og Hordaland blir eit foregangsfylke på kollektivtilbud, seier fylkesordførar Tom Chr. Nilsen (H), fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes (V) og gruppeleiar Terje Søviknes (Frp).

Forenklar systemet

I dagens ordning opererar ein med 370 takstsoner i fylket. No blir heile fylket ei sone.

– Dette er ein ekstrem forenkling av eit komplisert sonesystem.

– Dette blir enklare for våre kunder, enklare å kommunisera og enklare å administrera.

Gunstig for pendlarar

Ordninga trer i kraft frå 2015. Dei nye takstene vil bli vedtekne i samband med fylkestinget si handsaming av budsjettet for 2015.

– Ordninga blir spesielt gunstig for pendlarar i omegnskommunane til Bergen, samt reisande som vel buss på lengre strekningar.

– Dette vil bidra til ytterlegare vekst i antal kollektivreisande i Hordaland og dermed redusera biltrafikken inn mot Bergen, trur dei tre koalisjonspartnarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.