Sport | 12. aug. 2014

Blei for lette

Det endte med 25. plass i Ro-VM for Arne Hadler-Olsen og dei tre andre i den norske firaren. – Vi blei rett og slett veid og funne for lette, analyserar trenaren.

Blei for lette
Det norske VM-laget med osingen Arne Hadler-Olsen (nr to fra høgre) (privat foto)
Andris Hamretirsdag 12. aug. 2014 10:04

Saman med Didrik Wie Soltvedt (Bergen, Petter Bang Andreassen (Fana) og Adrian Lindberg (Tønsberg) utgjorde Arne Hadler-Olsen den norske firaren under VM i roing for juniorar i Hamburg, Tyskland.

Det blei som venta kanontøft.

– Det gjekk ikkje heilt som vi hadde håpa.

– Nivået var utroleg høgt og våre roarar blei rett og slett veid og funne for lette, oppsummerar trenar Audun Hadler-Olsen.

Rodde i motvind

Med unntak av siste dagen, bles det konstant motvind på roanlegget i Hamburg.

– Våre gutar hadde rett og slett ikkje kapasiteten inne til å ro så tøffe regattaer i motvinden.

– Samenlikna med konkurrentane, som har trent saman i fleire år, og som gjerne går på tilrettelagte skuler, så blei dei fysisk for små.

– Sjølv om vi freista å førebu oss på det, så var det eit enormt kjør ut frå start.

– Dei beste går så kollosalt hardt ut at vi blei kjørt av på dei første 500 meterane. Då mister du litt kontakten og følelsen i løpet, forklarar rotrenaren.

Vann E-finalen

På siste konkurransedag snudde vinden og det norske laget fekk ro i motvind.

– Det gjekk betre og dei vann E-finalen og tok 25 plassen.

– Tidsmessig så var dei oppe blant dei 20. beste siste dagen, men det tel jo som kjent ikkje.

God erfaring

Hadler-Olsen håpar dei fire gutane ser på VM-opplevinga som ei god erfaring.

– Eg håpar det inspirerar dei til å satsa enno hardare og legga ned enno meir i treningsarbeidet.

– No veit dei kva som krevst for å hevda seg på topp internasjonalt.

– Erfaringsmessig veit vi at norske roarar hevdar seg når dei kjem opp i tjueåra, så det er ingen grunn til å gje opp, avsluttar Audun Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.