
Blei nordisk meister
Kappgangen i Norden har halde på sitt eige arrangement med landskamp som nordisk meisterskap, men på Island førre helg var det 5 varmegradar og vind, ikkje enkle forhold å setja ny personleg rekord på.
Joakim Sælen, som var tatt ut til å representera Noreg, gjekk inn til 3. plass.
Fredag var han i elden igjen, då i vann han 3000-meteren i UM i Molde. Laurdag gjekk turen til Finland, til nordisk meisterskap i regi av friidrettsforbundet.
I Finland blei det både ny personleg rekord og nytt gull, denne gong på 5000 meter.
- Eg la meg etter to finnar, som såg ut til å opna for hardt. Dei heldt farten i to rundar, etter det blei eg gåande åleine, fortel Joakim til Midtsiden.no.
Med den sterke tida 23.24,60 forbetra han rekorden sin med rundt 20 sekund. Osingen Sindre Ølness kom på 2. plass på tida 23.46,53.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no