Næringsliv | 06. mai 2018

Bles nytt liv i gamal stein

Lurer du på å skifta ut den gamle, mosegrodde belegningssteinen eller muren? Det er kanskje unødvendig.

Bles nytt liv i gamal stein
Kenneth Bjørge og Os Hageservice kan hjelpe deg å få liv i gamal stein (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. mai 2018 07:29

Grøne fingrar gler seg over at våren endeleg kom susande.

– Vi har hatt ein del brøyting, salting og trefelling, men vinter er lågsesong hos oss, og årets lågsesong blei litt lang, seier formann hos Os Hageservice AS, Kenneth Bjørge.

Det er ikkje berre hekk og hageplanter på vårmenyen hos selskapet som i 2002 blei etablert av gartnar Tore Færevaag, mur, skifer og belegningsstein er viktig vare- og tenestegruppe når nye hagar skal byggast, og siste nytt i utstyrsparken handlar om vedlikehald.

Spesialspyling og impregnering

Det var i fjor at Os Hageservice fekk installert ein kraftig høgttrykkspylar på den eine arbeidsbilen.

– Vatnet kjem opp i 150 gradar. Varmen åleine er effektiv nok, vi sparer miljøet for kjemikalier, seier Kenneth om metoden.

På dei første spylejobbane denne våren tok han tida på både spyling med kokande og kaldt vatn.

– Du bruker rundt 1/4 av tida med varmt vatn, i tillegg vil det nok vera flekkar du ikkje får vekk med kaldt vatn.

Både på nylagt stein og på nyspylt dekke er impregnering å anbefala.

– Vi bruker ein type som trekk ned i steinen, ikkje den som lager ei hinne, og som fort kan bli stygg når det kjem bilar, salt og grus. Impregneringa hindrar groe, misfarging og - ikkje minst - kalkutslag.

Viser døgnet og årstidene med dataprogram

Når vinteren er som verst kan planlegging vera den finaste «hageaktiviteten». Til planlegging av både bygging og beplantning har Os Hageservice eit dataprogram som ikkje berre teiknar hagen din, med reelle blomar og buskar, i programmet kan du sjå lys, skygge og fargar på plantene gjennom døgnet - og til ulike årstider.

– Dataverktøyet er komplisert, men teikningane, og det å visa korleis hagen din blir, er enkelt, seier Henriette Færevaag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.