Lokal | 18. mars 2014

Bli med på Nore Neset ungdomsskule

VIDEO: Tysdag fekk dei bruksløyvet, men framleis gjenstår arbeid på den nye ungdomsskulen.

Andris Hamretirsdag 18. mars 2014 15:24

Med løfte om å bli ferdige før påske fekk den nye ungdomsskulen bruksløyve tysdag. Framleis vrimlar det av handverkarar og bygningsarbeidarar i skulen.

– Vi har sagt vi skal vera ferdige til 8. april.

– Det er litt for å gje oss ei veke å gå på i høve å vera ferdige til påske, seier prosjektleiar frå totalentreprentøren Hent, Jan Kyrre Myhre.

Les òg: Reiser seg på Nore Neset

Nokre forseinkningar i løpet av prosjektet har det vore, men prosjektleiaren har trua på å nå målet.

– Først var det grunnen som var dårlegare enn venta, så var det nokre underentreprenørar som nytta litt lengre tid enn dei skulle.

– Tida er knapp, men slik har byggjebransjen utvikla seg dei seinaste åra, fortel Myhre.

– Eit kulturbygg

Midtsiden var med Tor Inge Døsen, leiar for prosjektavdelinga i Os kommune, på ei omvising onsdag.

– Dette blir eit veldig bra.

– Vi har tatt med oss erfaringane frå Os ungdomskule i høve frosting av vindauge mellom gang og klasserom.

– Vi har trekt erfaringar frå Oseana når det kjem til øvingsrom og musikkrom med seks lags gips og doble veggar.

– Og sjølvsagt med vindauge, smiler prosjektsjefen.

– Eg vil kalla dette eit kulturbygg for Os vest.

– Det blir mykje meir enn berre ein skule, fortel ein entusiastisk Døsen, medan han viser fram multifunksjonområdet i aulaen og auditoriet med tilstøtande musikkrom, som enkelt kan gjerast om til bakscene.

Totalt blir skulen på 5 500 kvadratmeter med 15 standard klasserom (kvart trinn med fem klasser får kvar sin fløy), praksisrom, grupperom, spesialrom for musikk, kunst- og handverk, mat og helse og fleire til. I kvar av dei tre klasseromsfløyane får lærarane eigne arbeidsrom med plass til 20 lærarar.

VIDEO (2:30): Bli med på ein rundtur på Nore Neset ungdomsskule, berre tre veker før den skal stå ferdig (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.