Lokal | 13. juni 2012

Blir det skjenking etter 1. juli?

Kommunen vil behandla Irish Cat i ekspressfart, naboane i Oshjørnet er lei av det dei kallar ulovleg saksbehandling.

Blir det skjenking etter 1. juli?
– Ironisk nok er kundetorget i rådhuset det lokalet i Os sentrum som er best eigna for nattklubb, seier Terje Haugan. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. juni 2012 09:42

Saka om Irish Cat i Fagerthun-huset i Brugata held fram.

Les òg: – Klarer ikkje å halda fristen

For ei veke sidan fekk skjenkestadane i Os fornya løyvet sitt av formannskapet, innan frist 1. juli. Men Irish Cat sitt nattklubbløyve blei gjeve på vilkår:

I administrasjonen sitt framlegg til vedtak sto det:

"Irish Cat AS fekk i oktober 2010 skjenkeløyve med nattklubbstatus i dei tidlegare lokala til Matstova. Det viser seg nå i ettertid at det er gjort endringar av bygget som er søknadspliktige. Eigar er difor pålagt å søkja løyve til tiltak. Frist for å søkja er sett til 31.5.12. Skjenkeløyvet for Irish Cat vert gjeve med føresetnad om at omtalte byggesøknad for lokala vert godkjent."

Ingen i formannskapet tok ordet i saka. Innstillinga blei vedtatt samrøystes.

– Har sendt søknad

I midten av mai hadde nabo Oshjørnet AS ikkje mottatt nabovarsel, slike varsel har naboar to veker på seg til å svara på. Ein byggesøknad skal innehalda eventuelle merknadar frå naboar, derfor meinte Oshjørnet-reresentant Terje Haugan at huseigar Anders Fagerthun ikkje ville klara fristen, som var sett til 30. mai.

– Men no har vi fått søknaden, og nokre merknadar, så vi er innstilte på å få fremja sak til møte i plan- og bygningsutvalet 21. juni, seier kommunalsjef Karl Ole Midtbø.

– Om ikkje vi rekk dette før 1. juli kan vi behandla saka etter sommaren. Sånn vi har vurdert det til no er det ikkje grunn til å nekta Irish Cat skjenking før dette har vore oppe til politisk behandling.

– Har IKKJE sendt søknad

Medan Midtbø seier søknad er sendt seier Haugan at han berre har mottatt nabovarsel i form av melding om bruksendring, og det berre på delar av lokalet, det tidlegare Matstova-lokalet.

– Dette er ikkje det Fagerthun fekk beskjed om å levera til kommunen, dessutan omfattar ikkje varselet bruk av lokalet der det var kinarestaurant. Vi har ikkje fått varsel om bygging av nattklubb, seier Haugan.

Svaret frå Midtbø er kort og kontant.

– No jobbar ikkje Haugan på rådhuset og dette er ein diskusjon eg ikkje vil ta med han gjennom Midtsiden.

Ei sak for fylkesmannen?

Haugan seier han er lei det han kallar særbehandling og uansvarlig saksbehandling.

– Først har huseigar bløffa seg til bruksløyve og skjenkeløyve i desember 2010. Og når byggesaksavdelinga og skjenkekontoret endeleg ser alle feila, no i 2012, så blir det premiert med nye fristar og behandling i ekspressfart.

– Fagerthun er tatt med buksene nede, men likevel blir han bore på gullstol av administrasjonen.

Men Haugan meiner politikarane ikkje har gjort noko feil. Førebels.

– Politikarane er berre folkevalte som tar stilling til det administrasjonen legg fram. I neste omgang må administrasjonen følgja politiske vedtak. Slik vi ser det er det eit anna spel som foregår no. Og dette spelet vil heilt sikkert hamna på fylkesmannen sitt bord.

Nattklubb i rådhuset?

Sjølv seier han Oshjørnet har gjort alt i tråd med plan og reglar.

– Vi har ikkje hatt behov for å driva lobbyverksemd, planane som er vedtatt er i tråd med det vi ønskjer. I alt vi har gjort så har vi følgt politiske vedtak, reguleringsplaner og kommuneplaner og saksbehandlingsforskrifter. Det var også årsaka til at vi kasta Opus ut, vi såg at nattklubb ikkje var i tråd med planen. Og så får vi nattklubb rett i fanget frå naboen over gata.

Haugan har også eit eksempel på kva somville vore ein god plan for plassering av nattklubb i sentrum.

– Ironisk nok så er kundetorget i rådhuset det lokalet som kanskje er best eigna med tanke på støy og naboar.

Feil på feil - og fare for erstatningskrav

Årsaka til at Oshjørnet som nabo vil koma med merknad er at dei meiner nattklubben hindrar dei i å utvikla eigedomane sine i sentrum.

– Du kan sjå suksessen Os Sjøfront og, no nyleg, Hamnehagen har hatt. Det er tydeleg at mange er interesserte i å bu i og nær Os sentrum. Men støy frå nattklubb, og frå folk på veg heim frå nattklubb, gjer at vi ikkje får selt bustadar og derfor taper mykje pengar. Dette er med på å gjera at utviklinga av Os sentrum stoppar opp. Viss ikkje kommunen har ein tydeleg plan for sentrum, kvar det skal vera støy og kvar folk skal bu, så kan det heller ikkje skje noko.

Han er klar på at dette er ei plansak, ikkje berre ei byggesak. Tiltaket krev omregulering.

– No er kommunen i klem. Gjer dei det som er rett, står på krava til huseigar Fagerthun, så blir det truleg stenging, i alle fall i ein lang periode, og krav om erstatning frå nattklubbeigarane og/eller huseigar, som har blitt villeia til å tru at det dei har halde på med er OK. Om dei held fram som no, gjev særbehandling og feil behandling, er det vi som taper pengar vi vil krevja å få erstatta.

Årsakene til at Haugan ikkje trur Fagerthun-huset blir godkjent for nattklubb, om saksbehandlinga blir gjort i tråd med plan- og bygningslova, er fleire.

Blant anna desse:

• Verksemda i huset er i strid med vilkåra i plan- og bygningslova, byggeforskrifter, skjenkereglane Os kommune nyleg har revidert og godkjent, brannvernreglar og også reguleringsplanen for Os sentrum.

• Bygningen er slett ikkje eigna til formålet og det vil bli svært vanskeleg, eller svært dyrt, å tilfredsstilla forskriftene sine krav til tryggleik, universell utforming og liknande.

• I ein byggseøknad må tiltakshavar visa korleis desse krava skal løysast. Før dette er gjort reie for kan det ikkje bli gjort løyve til å bygga.

– No er eg spent på kva som eventuelt blir fremja for plan- og bygningsutvalet, kva fagfolka seier og om det er politikarar i Os som ser at det er på tide å gjera det rette i denne saka. Éin ting er heilt sikkert; dei kan ikkje gje byggeløyve basert på ein rammesøknad, seier Terje Haugan.

Samtidig vil han understreka at han ikkje er imot at det er nattklubb i Os sentrum.

– Men kommunen må ha ein plan. Dei som lager støy må ha ansvaret for at ikkje dei uroar andre, ein nattklubb med restriksjonar. Og dei må få festa i trygge lokaler. I denne saka har fleire kome ein vanskeleg situasjon fordi kommunen ikkje har ein plan, og fordi dei, ved å vera "snill" med éin huseigar, har skapt trøbbel for andre. Det er dessverre ofte sånn at når du seier ja til noko så seier du nei til noko anna, ja-kommune eller ikkje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.