Blir det sol til festivalhelga?
Veka skal starta med regn - men så kjem sol og 19 varmegradar.
Etter ei solrik helg, som blei runda av med "obligatorisk" regn då sankthansfeiringa sette inn søndag ettermiddag, ser det ut som om vi går ei varm og fin veke i vente.
Måndag morgon skal det regna, men det skal letta midt på dagen og bli sol og 16 gradar på kvelden, melder Yr.no.
Storm.no melder regn også måndag ettermiddag, men både Yr og Storm har tru på sol og 18-19 gradar tysdag, onsdag og torsdag!
Torsdag startar marknadsdagane i Os, fredag startar årets Osøren Blues & Jazzfestival.
Les òg: Arne og Wolf opnar på Os
Fredag melder Yr opphaldsvêr og 17 gradar, Storm melder lett regn på formiddagen, men opphaldsvêr og 15 gradar på ettermiddagen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.