Lokal | 25. nov. 2014

– Blir ei kunnskapsreise

Lyseparken ligg i støypeskeia. – Det er det største fotavtrykket med nye fysiske tiltak som Os kommune vil jobba med, fortalde Sjur Hjeltnes.

– Blir ei kunnskapsreise
Sjur Hjeltnes frå ABO orienterte saman med Fredrik Seliussen og Ottar Randa om status for Lyseparken (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 25. nov. 2014 07:47

Plan- og bygningsutvalet godkjente i førre veke oppstart av områderegulering og planprogram for Lyseparken.

– No når vegen er vedtatt er det viktig at vi får fart på saken.

– For Lyseparken ligg det ein reguleringsplan frå 2012, men den har berre rettsvirkning fram til 2019.

– Difor foreslår vi å gjera den om til ei områderegulering, som ikkje har same tidsbegrensing, forklarte Sjur Hjeltnes frå ABO Plan- og Arkitektur, som vann konseptkonkurransen kommunen arrangerte i fjor.

Kan ta 30-40 år

Hjeltnes fortalde at ein må klara å tenkje i eit langsiktig perspektiv.

– Ser vi til Sandsli og Kokstad, så har det tatt 40 år å utvikla det området der.

– Det kan ta like lang tid i Lyseparken. Når vi veit at utbygginga ikkje tek til i særleg grad før vegen er ferdig i 2022, så snakkar vi om 2066.

– Difor er det om å gjera at vi ikkje strammar inn så mykje at vi ikkje kjem i hamn, men samstundes skal Lyseparken utviklast med moderne energivennlig bygg, fortalde Hjeltnes, som ser for seg både bruk av vatn og vind som energikjelder.

Tøff konkurranse

Lyseparken blir liggande langs ferjefri-aksen mellom Kristiansand og Trondheim.

– Det gjev moglegheiter, men òg tøff konkurranse. Vi skal kjempa mot Risvika/Forus ved Stavanger, næringsområda ved Haugesund, på Stord og videre oppover langs kysten.

– Difor er det viktig å gjera ein god jobb og skapa eit attraktivt området.

– Dette blir ei kunnskapsreise og ei oppgåve for folkevalde, dei som bur i kommunen, administrasjonen, planleggarar og kunnskapsmiljøa som skal delta i prosessen. Og ikkje minst for dei som skal byggja ut området.

Legg opp til temakonferanser

Lyseparken legg opp til ei konsekvensutgreiing innan fleire områder; Klima, miljø, energi og IT, Arealbruk og utnytting, Trafikk, Risiko- og sårbarhetanalyse.

– Vi vil invitera til temakonferanser innan kvar av desse områda.

– Der vil de som politikarar bli invitert med, saman med aktuelle kunnskapsmiljø og administrasjonen, forsikra Hjeltnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.