Sport | 01. juli 2014

Blir første laks tatt til helga?

Fisken ventar på høgare elv. Det gjer fiskarane i Oselvo òg.

Blir første laks tatt til helga?
Os hamn i dag. Fleire fiskar ventar på at Oselvo skal bli stor nok til at dei kjem seg opp. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. juli 2014 10:51

Det er over to veker sidan fiskesesongen i Oselvo starta, men det er framleis ikkje tatt ein einaste laks etter det Midtsiden kjenner til.

Det er fiska noko tert (laks under tre kilo), og ifølgje prohd.no er den største framleis den Kjell Huseth tok på 2,9 kilo i Kremretten klokka 01.10 opningsnatta 15. juni.

– Det er ikkje unormalt at det går fleire veker før elva blir stor nok til at laksen går opp og første laks blir fiska, seier sportsfiskar Leif Juvik.

– Eg hugsar ein sesong for 20-30 år sidan, då blei det ikkje stor nok elv før i august. Det var på den tida då det verkeleg skjedde mykje på éin gong då det først lausna. Eg var i gravferd då det byrja å regna og kunne ikkje venta på å koma meg til elva, humrar han.

Han har hadde kort opningsnatta, men har førebels ikkje hatt snøret uti.

– Vi får berre venta. Men det står ein del bra fisk i hamna, så når det kjem vatn så er det berre til å koma seg til Flåten og kjøpa kort.

Kor mykje skal til?

Det er meldt opphaldsvêr i Os også onsdag, med unntak av nokre dropar rett før midnatt.

Torsdag skal det regna lett heile dagen, fredag er det meldt rundt 4 mm og laurdag rundt 8 mm.

– Eg håper det kjem meir. Er det meldt til saman 20 mm over 2 døgn, då blir det bra nesten uansett kor lita elva er frå før.

– Men når det kjem til vêrvarselet for helga ser det førebels usikkert ut. Eg les ofte tekstvarselet, ikkje berre tabellen, og står det formulert som at det kan koma mykje vatn så er det berre til å hala seg klar.

– Eg har fått meg fiskekort til søndag og satsar på mykje regn allereie frå torsdag, seier Leif Juvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.