Annonse

Annonse

midtsiden

Blir proff i Bryne

Osingen Mats Cato Moldskred blei einig med Bryne i dag, i morgon reiser han frå Løv-Ham og sørover for å signera.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Torsdag, august 19, 2010 - 15:44

- Då Løv-Ham ringte for å fortelja at Bryne var interessert så tenkte eg ikkje så mykje over saka, det er ikkje alltid interesse fører til noko konkret. Men så gjekk det kjapt, fortel Mats Cato.

Tysdag meldte Bryne si interesse og då dei var einige med Løv-Ham om overgang gjekk diskusjonen vidare med den tidlegare Os-spelaren.

- Vi blei einige i dag. I morgon reiser eg til Bryne for å signera kontrakt.

Med det kan Mats Cato spela for ny klubb allereie i bortekampen mot Sogndal onsdag neste veke.

I same divisjon
Bryne har spelt i øvste divisjon fleire år tidlegare, frå 1976 til 1988 og frå 1999 til 2003, men spelar no i same divisjon som klubben Moldskred går frå, Løv-Ham.

- Bryne er framleis ein storklubb med stort publikum og apparat rundt det sportslege. At eg går frå å vera løna 50 prosent til å bli fotballspelar på fulltid veg også opp.

Bryne ligg i skrivande stund to plassar bak Løv-Ham på tabellen for Adeccoligaen.

Erstattar storskårar
Mats Cato meiner han har fått greit med speletid i Løv-Ham i år, men ikkje så mykje som han hadde håpa på.

- Bryne har nyleg gjeve frå seg Marius Helle til Stabæk. Helle har skåra 17 mål på 15 kampar, fortel Moldskred om mannen han no skal erstatta.

Mats Cato hadde tre månadar igjen av kontrakten med Løv-Ham. No har han teikna kontrakt på 2,5 år med Bryne.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11