Sverre Lunde Pedersen lukkast ikkje heilt på 5000 meteren i Calgary (foto: Nanco Hoogstad)

Bomma litt i Calgary

Sverre Lunde Pedersen gjekk for norsk rekord, men lukkast ikkje heilt.

Av: Andris Hamre

Sverre Lunde Pedersen opna i eit forrykande tempo i Olympic Oval i Calgary. Etter 1500 meter leia han med vel halvanna sekund. Planen før løpet var klar.

– Det blir spennande. Vi har raske forhold her. Eg skal gå for norsk rekord, sa Sverre til NRK før løpet.

– Det er absolutt muligheter for det. Han har alle moglegheiter, kommenterte Håvard Bøkko då han høyrde om Sverre sin plan.

Grunnen til raske forhold var kald is, varm luft og tynnere luft på vel 1000 meter over havet fortalde ekspertkommentator Even Wetten på NRK.

Ikkje gode innganger

Sjølv om Sverre gjekk raskt, var ikkje Wetten heilt nøgd med Sverre sitt løp.

– Han har for korte skjær ved inngangane til svingane, påpeika ekspertkommentatoren, sjølv om Sverre gjekk som ei klokke på midten av 29-talet fram til omlag 4000 meter.

– Dette er rett og slett litt skivebom. Han har for dårlege innganger til svingene. Det må han betale for på slutten. Han brukte for mykje krefter ved inngangene til svingene, oppsummerte Wetten etter at Sverre gjekk inn til 7. plass før siste par på 5000 meteren.