Lokal | 25. mai 2015

Bråk på bursdagsfest

Politiet måtte rykka ut då uinviterte gjestar ville vera med å feira bursdag.

Bråk på bursdagsfest
Politiet måtte rykke ut til ein bursdagsfest natt til måndag (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 25. mai 2015 07:49

Det blei ein litt anna bursdagfeiring enn ønska på eit forsamlingslokale like utanfor Os sentrum då uønska gjester troppa opp.

– Det oppsto slagsmål og krangling mellom to eller fleire personar, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Politiet blei tilkalt og fekk roa gemyttane.

– Ingen skal ha blitt skadd, men minst éin person fekk pålegg om å forlate staden.

– Utan at det står i loggen så reknar eg med at alle dei som var uønska fekk den same beskjeden.

Ku på rømmen

Det har ellers vore eit roleg døgn for vaktmannskapet på lensmannskontoret.

– Det eineste andre eg har er ei rømt ku i Hegglandsdalen.

– Den skal ha blitt observert i vegbanen i 20.30-tida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.