midtsiden

Bråkete russarar

Politiet måtte torsdag kveld hjelpa dei tilsette på Solstrand med seks vanskelege gjestar.

Av: Andris Hamre Fredag, august 5, 2011 - 09:54

Solstrand Hotel og Bad fekk torsdag seks mannlege gjestar frå Russland dei nok godt kunne vore forutan.

- Dei etterkom ikkje hotellet sine reglar og var til stor sjenanse for hotellet sine øvrege gjestar, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Mellom anna skal dei seks ha slått seg ned ved bassenget etter stengetid og spelt høg musikk på eit medbragt musikkanlegg.

- Hotellet klarte ikkje å roa ned gjestane på eigahand og ba om assistanse frå oss, fortel Sperrevik.

- Desse gjestene var tydelegvis vant til ein kultur kor pengar kan ordne alt, men ein kan ikkje tillate seg alt i Noreg, slår hotelleigar Børrea Schau-Larsen fast til bt.no.

Fekk beskjed om å reisa, men blei

Hotellet gav dei seks beskjed om å forlata hotellet innan ein time. Ei melding dei òg fekk frå politipatrulja som kom til staden.

- Det verkar som om dei tok meldinga til seg, i alle fall til ein viss grad.

- Dei gjekk til ro og let resten av gjestane få natta i fred. Vi trengte ikkje ta dei med oss til arresten i denne omgang, avsluttar politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11