Sport | 10. apr. 2015

Brann og Sogndal

Os tar imot Brann på Kuventræ 23. april. Lysekloster møter Sogndal dagen før.

Brann og Sogndal
Hassan El Fakiri og assistent Ørjan Håland tek imot gamle vener frå Brann til 1. runde i cupen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 10. apr. 2015 13:18

1. runde i NM blei fredag ettermiddag trekt.

Dei to Oslaga får storfint besøk på kvar si heimebane, og du kan få med deg båe kampene då forbundet har satt dei opp på kvar sin dag.

Onsdag 22. april tek nemleg Lysekloster imot Sogndal på heimebane.

Dagen etter er det duka for oppgjeret mange i Os Turn-leiren ønskja seg, nemleg Os-Brann på Kuventræ.

Gøy med eit lag utanfrå

Lyseklostertrenar Ørjan Sandal er nøgd med trekninga.

– Det er gøy at vi har fått eit lag utenfrå.

– At vi har fått Sogndal, som nett har spelt tippeligaen og no speler OBOS-ligaen var veldig kjekt.

– Kva forventingar har du til kampen?

– Vi er med i cupen for å vinna fotballkamper vi, så det går vi på banen for å gjera denne gongen òg, seier ein offensiv Sandal.

Kor kampen blir spelt er enno ikkje heilt avklart.

– Den er satt opp på Lysekloster, men som du veit er vi i ferd med å ruste opp banen.

– Vi veit difor ikkje heilt enno kor den blir spilt, avslutter Sandal.

Møter gamle lagkamerater

Hassan El Fakiri, og assistent-trenar Ørjan Håland kom begge frå Brann til Os før denne sesongen. No skal dei møte gamle vener.

– Det var jo utruleg gøy.

– Eg trur mange av klubbane hadde ønska seg ein slik storklubb i første runde, men no var det vi som var heldige og fekk dei.

– Vi gler oss masse og et trur det vil bli både ein gøy og kjekk opplevelse for spelarane å ta i mot Brann heime på Kuventræ, seier Hassan El Fakiri.

Her er dei andre oppgjera med lag frå Hordaland:

22. april
Odda - Fana
Stord - Nest-Sotra
Lysekloster - Sogndal
Varegg - Florø
Øystese - Åsane
Førde - Fyllingsdalen

23. april
Os - Brann

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.