Lokal | 20. aug. 2015

Braut seg inn og stal MC

Meca-verkstaden Thuen og Matre blei utsett for innbrot i natt. Ein av dei tilsette sin motorsykkel blei stolen.

Braut seg inn og stal MC
Politiet rykte torsdag morgon ut på melding om innbrot hos Thuen og Matre i Industrivegen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. aug. 2015 07:38

Bildeserie:

Denne sykkelen, ein Kawasaki 750z, blei stolen. (Privat foto)
Denne sykkelen, ein Kawasaki 750z, blei stolen. (Privat foto)
Her sto sykkelen. Tjuven tok seg inn hovuddøra og trilla sykkelen ut.  (Foto: KVB)
Her sto sykkelen. Tjuven tok seg inn hovuddøra og trilla sykkelen ut. (Foto: KVB)
Eit kubein sto igjen utanfor døra.  (Foto: KVB)
Eit kubein sto igjen utanfor døra. (Foto: KVB)
Vidar Tjore oppdaga innbrotet og varsla Remy Matre om at sykkelen var vekke.  (Foto: KVB)
Vidar Tjore oppdaga innbrotet og varsla Remy Matre om at sykkelen var vekke. (Foto: KVB)
1 av 4

– Eg sto og pussa tenna då Vidar ringte, fortel Remy Matre, ein av dei tilsette og son til eigar av verkstaden.

Kollegaen Vidar Tjore var førstemann på jobb, og han kom til open hovuddør inn til kundemottaket.

– «Har du tatt sykkelen din heim?» spurde han. Eg ventar på oppkøyring og hadde sett fram til å ta meg ein tur.

Han kjøpte motorsykkelen, ein Kawasaki 750z (regnr KP5767), før sommaren. No er den vekke.

Kubeinet sto igjen

Sykkelen sto utstilt i kundemottaket, der Thuen og Matre også sel motocrossutstyr.

Den eller dei som har tatt seg inn på verkstaden har brote opp hovuddøra og trilla motorsykkelen ut.

– Dei har vore bak på kontoret og funne nøkkelen, men ikkje rørt noko anna enn akkurat sykkelen.

Kubeinet som truleg er brukt i innbrotet sto igjen ved sidan av døra.

Har alarm

Innehavar Jarle Matre fortel at det er lenge sidan sist dei har vore utsett for innbrot.

– Det var ein som kasta ein stein inn gjennom vindauget ei natt i fjor, men elles kan eg ikkje hugsa at det har vore noko dei seinare åra.

Verkstaden har alarm, som sto på, men av ei eller anna årsak klarte tjuven å trilla sykkelen ut døra utan å bli fanga opp av sensorane.

– Vi har sikra nokre spor og held fram med teknisk og taktisk etterforsking, seier politiet på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.