Sport | 29. aug. 2013

Brølte av glede

– Då eg kom i mål i fjor vurderte eg nesten å legga opp. I år var det berre gøy, seier Thomas Andersen etter å ha fullført 119 km ultraløp på 16 timar og 17 minutt og kome på pallen i Ultra Trail du Mont Blanc.

Brølte av glede
Thomas Andersen etter målgang i Chamonix i går. I år hadde han med seg eit skikkeleg balkong-flagg å passera mållinja med. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. aug. 2013 07:40

Ultra Trail du Mont Blanc TDS er 119 km langt og har til saman 7.250 meter med motbakke.

Thomas Andersen kom i går kveld i mål på ein imponerande 7. plass, godt innanfor målsetnaden, som var topp 10.

Les òg: Jubel i Chamonix

– Eg visste ikkje plasseringa mi før eg var i mål og då brølte eg av glede, eg hylte som ein gal! Dette var heilt sinnsjukt gøy, seier Thomas til Midtsiden natt til torsdag.

Thomas sprang distansen, som nesten tilsvarar tre maraton, på 16 timar og 17 minutt, nøyaktig 45 minutt raskare enn i fjor, og då var løypa 4 km kortare.

– Tok det roleg

– Eg fekk meg ei god plassering i feltet før start, men starta varsamt og tenkte at dei som ville stikka kunne stikka. Det er ingen grunn til å brenna alt kruttet i første bakken.

– Men eg hadde visuell kontakt med teten mesteparten av løpet.

Og bakkar er det nok av, dei første 10 km går opp fra 1220 moh til 2409 moh.

– I fjor heldt eg alt for høg fart nedover første bakke, noko som gjorde at eg måtte ta det veldig roleg i dei neste nedoverbakkane. I år tok eg det med ro både oppover og nedover, men auka på mot slutten.

Fortare og fortare

Etter 50 km er løparane nede på 800 moh, etter 60 km er dei oppe på 2500 moh.

– Det var kaldt og rim på bakken om morgonen, men steikande sol og rundt 30 gradar på dagen.

– Å springa opp frå 800 til 2500 meter høgde, med sola i ryggen og grashopper som heile tida flaksa inn i ansiktet, var slitsamt.

Men Thomas hadde meir krefter enn dei fleste då han kom seg til toppen. Frå 62 km til mål sprang han seg opp frå 13. plass til 5. plass i sin klasse, herrar senior.

– Det var fint å plukka løpar etter løpar, eg trur aldri eg har sprunge så fort som eg gjorde den siste mila. Ingen skulle klart å ta meg igjen om løpet var lengre, no er det faktisk sånn at eg vurderer å delta i nok eit løp til helga.

Jernmann utan jernmangel

Andersen, som for knappe to månadar sidan fekk Ultra-VM øydelagt grunna jernmangel, ser ut til å ha fylt lageret godt opp igjen.

– Det gjekk i leverpostei og jerntablettar etter VM, og rett før eg reiste fekk ekstra hjelp av ein lokal kosthaldsekspert, så eg fekk litt meir kompakt næring i kroppen enn cola, kjeks og bananer, som dei deler ut på matstasjonane i løypa, seier Thomas Andersen.

Treninga i vår har nok også gjeve effekt. I påsken, for eksempel, sprang Thomas frå Haukeliseter til Finse, 150 km på tre dagar, med til saman 19 timar effektiv løping, med joggesko i djup snø.

Men The North Face Ultra Trail du Mont Blanc var årets store mål - og Thomas infridde med god margin.

Klokka 16 i dag er det premieseremoni med topp 10 på pallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.