Lokal | 10. mai 2014

– Brukte 16 dagar

Fredag var det kranselag for tilbygget på Kuventræ barneskule, berre 16 dagar etter at første spiker blei slått inn.

– Brukte 16 dagar
Flagget gjekk til topps samen med sperrene på tilbygget på Kuventræ fredag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 10. mai 2014 06:44

Bildeserie:

Tor Inge Døsen takka tømrarane for innsatsen så langt (Foto: AH)
Tor Inge Døsen takka tømrarane for innsatsen så langt (Foto: AH)
1 av 1
Tor Inge Døsen takka tømrarane for innsatsen så langt (Foto: AH)

Det må gå unna om tilbygget på Kuventræ barneskule skal stå ferdig til skulestart i august.

Slik det ser ut no ligg Vestafjell, som er hovudentreprenør, godt an.

– Hjarteleg takk for innsatsen så langt, helsa prosjektsjef i Os kommune, Tor Inge Døsen då dei inviterte tømrarar og entreprenørar til kranselag fredag.

– Det er ein vaksen jobb de har tatt på dykk. Så langt har de halde tidsskjemaet. Målet var tett tak til 17. mai og det skal vi klara.

– Eit spesielt prosjekt

Morten Hansen, leiar i Vestafjell, fortalde at tilbygget var eit spesielt prosjekt.

– Det var ein del rundt bordet som rista på hovudet då dei såg tidsplanen. I starten mista vi litt tid, då det måtte ein ekstra runde politisk.

– Det er ein stram tidsplan, men det ser ut som vi skal halda den.

– Det er kjekt at det blir satsa på skule i kommunen og at vi får vera med på det, helsa Hansen, som til liks med mange av dei andre i selskapet sjølv er busett i Os.

– Lever godt med litt støy

Rektor Olav Røttingen nytta høvet til å takka entreprenøren for eit godt samarbeid.

– Litt støy blir det sjølvsagt, men det går an å snakka med dykk, så den lever vi godt med.

– Vi har knapt plass til dei elevane vi har idag, så tilbygget er heilt naudsynt når vi til høsten blir om lag 300 elevar.

Kretsrekord i skulebygging

Tor Inge Døsen omtalte at framdrifta måtte vera noko i nærleiken av kretsrekord i skulebygging.

– Det er vel vi i kommunestyret som må ta skulda for at vi har kome hit.

– Rådmannen hadde nok gjerne sett at vi høyrde på han og utnytta den ledige kapasiteten på Søfteland, men slik blei det ikkje, sa ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Det at vi no må setja kretsrekord er gjerne eit uttrykk for den vekstkommunen vi er.

– Folkeveksten krev at vi kastar oss rundt og finn løysingar når det trengs. Takk til administrasjonen, personalet her ved skulen for innsatsen så langt.

– Ein midlertidig takk også til Vestafjell. Den store takken får de når skulen står ferdig, sa ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.