Sport | 12. nov. 2014

Brynte seg på verdstoppen

Symjetalentet Ariel Braathen med sterke prestasjonar under Nordsjøstevnet.

Brynte seg på verdstoppen
Ariel Braathen fossar fortare i vatnet (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 12. nov. 2014 08:08

Nordsjøstevnet i Stavanger blir av mange nytta i oppkøyringa til kortbane-EM i Desember. Blant deltakarane var regjerande verdsrekordhaldar på 200 meter brystsymjing, Rikke Møller Pedersen frå Danmark.

Brystspesialisten frå Danmark var suveren på 50, 100 og 200 meter bryst, men ikkje langt bak finn ein det 10 år yngre talentet, Ariel Braathen frå Søfteland.

I si eiga klasse for symjarar fødd i 98/99 symde Braathen inn til 1. plass med tidene 31.97 (50 m), 1.09.16 (100 m) og 2.30.33 (200 m), noko som gjorde at ho blei kvalifisert til superfinalane mot mellom anna verdsrekordhaldar Møller Pedersen.

På 200 meteren gjorde ungjenta ein enorm prestasjon og blei berre slått av nemnde Møller Pedersen og noregsmeister på distansa Sofie Reisønen frå Vågsbygd SCK. Dei tre sumde på 2.18.76, 2.27.14 og 2.29.02.

På den halve distansa, 100 meteren, viste igjen Braathen kva som bur i ho, då ho tok ein ny tredje plass. Denne gongen med Veera Kivirinta frå Finland mellom seg og Møller Pedersen. Tidene blei 1.05.48, 1.09.34 og 1.09.41.

Også på 50 meteren var det berre dei to utlendingane som klarte slå Braathen. Møller Pedersen symde på 30.84, Kivirinta på 31.14 og Braathen på 31.83.

Sette noregsrekord

Saman med lagvenninnene i BSC satta Braathen sundag ny norsk rekord på 50 meter medley med tida 1.53.42.

På laget symde Cecilie W. Johannessen, Monica W. Johannessen og Amalie Kristiansen saman med Braathen. Den gamle rekorden satte Asker i kortbane-NM i vår. Tida var 1.54.09.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.