Lokal | 25. aug. 2016

Bryt du dette blir det dyrt

Tysdag kveld stengjer Osøyro for all trafikk inkludert parkering. Om du bryt parkeringsforbodet må du ut med fleire tusen.

Bryt du dette blir det dyrt
Tysdag kveld til onsdag kveld i neste veke blir Osøyro stengd (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 25. aug. 2016 11:10

Bildeserie:

Parkering innanfor det raude området blir ikkje lov neste veke (ill. Os kommune)
Parkering innanfor det raude området blir ikkje lov neste veke (ill. Os kommune)
1 av 1
Parkering innanfor det raude området blir ikkje lov neste veke (ill. Os kommune)

I samband med sykkerittet Tour des Fjords blir Os sentrum stengd frå tysdag 30. august klokka 21 til onsdag 31. august klokka 21.

– Som følgje av sykkelrittet er det forbod mot parkering i heile sentrum (merka i raudt). Alle bilar som står parkert innanfor dei raude områda vil bli fjerna for eigars rekning, opplyser Os kommune i ei pressemelding.

Bilane vil bli taua av Falck (kontaktnummer for bileigarar 459 64 280).

Kostnaden med inntauinga vil vera 2500 kroner per døgn. Blir bilen ståande kjem det ei døgnleige på 200 kroner i tillegg.

Skal du til Oshaugen i den aktuelle perioden må du køyra om Finnebrekka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.