Lokal | 04. aug. 2017

Byantikvaren: Fjellheim bør bevarast

Byantikvaren i Bergen rår kommunen til å bevara Fjellheim sitt eksteriør og materialitet og at ein gjer innvendige tilpasningar.

Byantikvaren: Fjellheim bør bevarast
Byantikvaren i Bergen rår til at Fjellheim blir teke vare på (foto: KVB)
Andris Hamrefredag 04. aug. 2017 08:17

Kultureininga i Os kommune har ei avtale med Byantikvaren i Bergen om kulturminnefagleg bistand.

I samband med regulering av BB2 i reguleringsplanen for Os sentrum Vest, har Byantikvaren no kome med ei kulturminnefagleg anbefaling knytt til Fjellheim.

«Fjellheim har svært høg kulturhistorisk verdi, både med tanke på sin arkitektoniske utforming og arkitekturhistoriske verdi, men ikke minst sosial og kulturell verdi som et viktig forsamlingshus for svært mange mennesker i nesten 80 år. Det finnes ikke tilsvarende bygning i Os kommune, og Fjellheim har dermed også svært høy sjeldenhetsverdi.

Vi anbefaler at bygningens eksteriør og materialitet bevares og at det kan gjøres endringer/tilpasninger innvendig tilpasset ny bruk.»

Uttalen kjem etter fleire befaringar både rundt og i bygget.

Eit landemerke

Fjellheim har ikkje formell vernestatus. Ein må difor legga den faglege vurderinga i enkeltsaker til grunn for vedtak i saka.

Fjellheim er teikna av arkitekt Johan Lindstrøm, som var ein anerkjend arkitekt på vestlandet og ein sentral skikkelse i «Bergensskolen», ei gruppe toneangivende arkitekter med base i Bergen som fekk stor innvirkning på norsk arkitektur i mellomkrigstiden og dei første åra etter krigen.

– Lindstrøm hadde allereie ei lang karriere som etablert arkitekt bak seg då han teikna Fjellheim, og bygningens stiltrekk er i hovudsak nyklassisistisk, men med ein sterk påverkand av funksjonalisme, slik at det nettopp er ein av desse interessante bygningane som viser den stilmessige overgangen.

– Karakteristisk for Fjellheim er den strategiske plasseringen som gjer den til eit landemerke for store delar av Os sentrum, og kneiser med ein iboande monumentalitet. Denne spesielle bygningen frå mellomkrigstiden er eit unikt stykke arkitektur, og det finst ikkje mange tilsvarande ungdomshus/kulturhus/forsamlingshus i denne regionen med tilsvarande arkitektonisk utforming, skriv byantikvaren i tilrådinga.

Høg kulturhistorisk verdi

Byantikvaren peiker på at Fjellheim har høg kulturhistorisk verdi og at bygningen er ein viktig representant for overgangen mellom nyklassisisme og funksjonalisme.

– Vår kulturminnefaglege tilråding er å bevara Fjellheim, spesielt eksteriør, materialitet og innvendig trappegang. Vi ser også at det kan vera mogleg å gjera visse endringar og tilpasningar innvendig utan at dette vil gå på bekostning av bygningen sine kulturhistoriske verdiar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.