Lokal | 07. feb. 2012

Bygger kontor til Kripos

Drapsetterforskinga held fram med full styrke: Politiet leiger 100 nye kvadratmeter i Irisgåren.

Bygger kontor til Kripos
Tømrarar har vore på plass for å legga til rette nye kontor for dei som driv med drapsetterforskinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. feb. 2012 22:03

I tredjeetasjen i Irisgården, i nabolokalet til Os lensmannskontor, har det dei siste dagane vore byggearbeid.

– Vi har inngått ein leigeavtale med Irisgården på yttarlegare areal, stadfestar lensmann Rasmus Dalen.

Tilleggsarealet skal husa etterforskingsstøtta politiet i Os mottar etter drapet på Hilda Feste 1. januar.

Meir effektiv

Dalen seier det til no har vore noko trongt på lensmannskontoret, med fleire etterforskarar i arbeid med drapssaka.

– Vi prøver å vera mest mogleg effektive, og har no fått ein fin avtale med leiga av nabolokalet.

På spørsmål om kor lenge dei vil leiga lokalet svarer han at dei har ei ordning der politiet leiger månad for månad.

20 mann i sving

For ei dryg veke sidan fortalte politiadvokat Asbjørn Onarheim for første gong kor mange mange som jobbar med drapssaka.

– 20 etterforskarar, pluss-minus, jobbar med saka kvar dag, sa Onarheim til Midtsiden fredag 27. januar.

Støtta til Os kjem frå andre politikontor og Kripos, der Kripos utgjer den minste gruppa av tilleggspersonel.

Også etterforskarar frå Os

Lensmann Dalen vil ikkje seia kor mange frå Os lensmannskontor som er involvert i etterforskingsarbeidet.

– Eg har frigjeve så mange som eg kan. Medan desse er opptatt får vi i periodar støtte frå andre kontor til andre saker, heile distriktet står samla om denne saka, seier Rasmus Dalen.

– Korleis synes du osingane og øvrig publikum vore i perioden etter drapet?

– Dei har vore flinke og hjelpsame. Eg føler vi har god dialog med lokalsamfunnet og det er eg takksam for, seier lensmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.