Sport | 12. feb. 2014

Byggestart på Os Idrettspark i dag

Til saman 60 elevar frå Os vgs blir involvert i det første arbeidet med nye Os Idrettspark på Kuventræ.

Byggestart på Os Idrettspark i dag
Hans Parnefält, Terje Søviknes og Lars Egil Moberg på Kuventræ i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. feb. 2014 16:27

Bildeserie:

Elevane, f.v.: Nils Martin, Steffen, Vegard, Ole Gunvald og Øyvind. (Foto: KVB)
Elevane, f.v.: Nils Martin, Steffen, Vegard, Ole Gunvald og Øyvind. (Foto: KVB)
Skisse av forprosjektet Norconsult tidlegare lagde for Os TF.
Skisse av forprosjektet Norconsult tidlegare lagde for Os TF.
Kuventræ, med ny hall.
Kuventræ, med ny hall.
1 av 3

Ny dobbelt-hall, kunstgras på den gamle grasbanen, nye løpebanar og eit stort nytt område for friidrett, blant anna med kastefelt, er i grove trekk planane for utvidinga på Kuventræ.

Les òg: Slik kan Kuventræ bli

I dag blei første spadetak tatt på den til no ubrukte tomta mellom grasbanen og bustadfeltet Furulunden.

– Medan vi jobbar med å få klar finansieringplan, som skal vera klar innan april i år, er det godt å få denne type hjelp, sa ordførar Terje Søviknes då han i dag møtte arbeidskarane frå Os vidaregåande skule.

Les òg: Står ved løfta

– Så får vi håpa at det også blir byggestart på fleire delar av Os Idrettspark i løpet av året.

VGS-elevar tar jobben

Arbeidet startar med å planera 13 mål av den 17 mål store tomta. Elevar ved Os vgs, VG2 anleggsteknikk, tar jobben.

– Vi har tatt oppdrag utanfor skulen før, blant anna for Os Seilforening og på flystripa på Vaksinen. Men dette er meir omfattande, seier lærar Lars Egil Moberg.

– Her får elevane øva på både opplasting, kjøring og planering etter høgd. Det ser ut til å bli lite transport av masser, men dette oppdraget gjev likevel veldig god øving.

– Vi ser fram til dette, det er kjekt å gjera nytte for seg samtidig som vi har undervising, sa dei fem elevane han i dag hadde med seg til byggestart.

Det er til saman 60 elevar på trinnet, og målet er at alle i turnus skal få jobba på Kuventræ. Arbeidet kjem til å vara til juni i år.

– Ei god løysing for alle

Prosjektleiar frå Os kommune, Tor Inge Døsen, er glad for avtalen kommunen har fått med Os vgs.

– Når du skal bygga eit anlegg som dette gjeld det å få mest mogleg for minst mogleg pengar. Vi betaler litt, men langt ifrå det som er normal pris.

– Og så ser vi at dette kan vera ei fin prosjektoppgåve for elevane. Det blir sikkert kjekt for dei som er 17-18 år i dag å laga noko som så mange kan ha glede av i mange år.

Den aktuelle tomta er førebels eigd av Os Os Turnforening, men er del av det planlagte makebytet mellom Os TF og Os kommune.

– Det er kjekt å kunna hjelpa kvarandre på denne måten. Vi har elevar frå Os vgs her når dei har gym, no blir det kjekt å sjå dei i sving med anleggsmaskinene, seier dagleg leiar i Os TF, Hans Parnefält.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.