Næringsliv | 01. nov. 2014

Byggestart utløyste fleire sal

Eit drygt år etter salsstart, trass svakt sal, blei byggestart på Sjøfront 2 vedtatt. Då byrja det å røra seg i marknaden igjen.

Byggestart utløyste fleire sal
Denne veka har det blitt jobba med fjellsikring på sjøfront-tomta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. nov. 2014 08:10

Bildeserie:

Tomta til høgre, første sjøfronten til venstre. (Foto: KVB)
Tomta til høgre, første sjøfronten til venstre. (Foto: KVB)
6 av 14 i del A, til høgre, er selt. (Ill.: Mir.no)
6 av 14 i del A, til høgre, er selt. (Ill.: Mir.no)
1 av 2
Tomta til høgre, første sjøfronten til venstre. (Foto: KVB)
6 av 14 i del A, til høgre, er selt. (Ill.: Mir.no)

Fredag 6. september i fjor blei Os Sjøfront 2 lagt ut for sal. 40 leilegheiter i eitt samanhengande bygg, i meir lik prisklasse enn første sjøfronten, med håp om å selja 13 og få byggestart i slutten av første kvartal 2014.

– Interessa var stor i starten, vi selte tre leilegheiter første dag. Men så blei det ganske stille, vi selte berre to til, fortel eigedomsmeklar Kristin Stave frå Obos Stor-Bergen.

For nokre veker sidan blei det likevel vedtatt byggestart for første trinn, del A.

– Men planen var vel i utgangspunktet å bygga heile blokka i eitt?

– Éin stad må vi uansett byrja, så vi startar med A, nærmast Os sentrum, og vedtaket om byggestart utløyste som venta nokre sal.

6 av 14 er selt

Dei siste veke er det selt yttarlegare to hus og 6 av 14 i første trinn er no selt.

– Sånn var det med Os Sjøfront òg, bra sal i starten og god interesse heile vegen, men det var først då vi byrja å bygga at det lausna på salet, fortel Stave.

I del A er alle dei øvste leilegheitene ledige, men alle dei nest øvste selt, i tillegg til tre andre. Det er også eitt sal i neste trinn, som også tel 14 husvære.

– Alle kjøparane til no er osingar. Vi får fine tilbakemeldingar, spesielt på pris pg planløysing, fortel Stave.

Prisane i A-delen går frå 2.250.000 (55 kvm og tre soverom) til 4.290.000 kroner (84,6 kvm og 3 soverom).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.