Lokal | 12. sep. 2017

Byggjer svømmebru til Fusa

– Vi vil skapa merksemd rundt Bjørnafjorden kommune gjennom «Svøm frå Osøyro til Eikelandsosen», seier Jon Sivert Rykkel.

Byggjer svømmebru til Fusa
Jon Sivert Rykkel i Osbadet inviterer osingar og fusingar til å svømma distansa mellom Osøyro og Eikelandsosen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 12. sep. 2017 08:47

For å skapa merksemd rundt kommunesamanslåinga og for å byggje ein ny felles kommune inviterer Osbadet til utfordringa «Svøm frå Osøyro til Eikelandsosen».

– Det er viktig å presisere at vi ikkje oppmodar folk til å faktisk svømme i Fusafjorden, men her oppe i Osbadet.

– Vi ønskjer å vera eit bad for heile Bjørnafjordsregionen og tykte at dette kunne vera ein fin måte å starta kulturbygging mellom kommunane, seier Jon Sivert Rykkel, prosjekt- og markedsansvarleg i Osbadet.

17 kilometer via Fusafjorden

Distansen frå Osøyro til Eikelandsosen er 17 kilometer.

– Konkurransen er enkel. Den startar 15. september og går fram til 31. desember. Vi nyttar Swimtag-systemet vi har her oppe, så det er berre å ta kontakt med resepsjonen så blir ein registrert og få utdelt armbandet.

– På Swimtag si heimeside kan ein så logga seg inn og følgje med kor langt ein har att. Blant dei som fullfører heile distansen vil vi trekke ut ulike premiar, blant anna eit halvårskort i Osbadet, gratis crawl-kurs og klippekort til badet. I tillegg blir det ein god del mindre premiar, avsluttar Rykkel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.