Kultur | 31. juli 2014

Catten går utandørs

Det er framleis ein del av sommaren igjen og Catten Nightclub vil frå helga av tilby uteservering i sentrum.

Catten går utandørs
Thomas Hodne og Bjarte Andersen bak den nysnikra baren til CattenUTE (Foto: KMAL).
Kari M. Lyssandtorsdag 31. juli 2014 07:00

Bildeserie:

Dugnadsgjengen i full gang på Telthusplassen. (Foto: KMAL)
Dugnadsgjengen i full gang på Telthusplassen. (Foto: KMAL)
1 av 1
Dugnadsgjengen i full gang på Telthusplassen. (Foto: KMAL)

Torsdag ettermiddag opnar Catten Nightclub uteservering på Telthusplassen i Os sentrum.

– Då kjem trubadur Jens Aasmundseth til å spela frå klokka 17 og utover kvelden, fortel dagleg leiar og eigar av Catten Bjarte Andersen entusiastisk.

Catten hadde midlertidig løyve på Telthusplassen under marknadsdagane i juni og har no fått fast skjenkeløyve utandørs. Første helg med utandørs drift er Osfest-helga.

– Mange har spurd om vi er spelestad for Osfest, men det er vi ikkje i år. Vi er eit supplement og eit tillegg på kvelden og utover natta, med eller utan festivalpass.

Kjører stil

Saman med medeigar Thomas Hodne og dei gode hjelparane Petter Kahrs junior og Petter Kahrs senior byrja han tysdag å gjera Telthusplassen klar.

- Vi kjem til å halda på fram til torsdag for å få alt på plass.

- Det kjem til å koma telt på halve plassen her som vil innehalde bar med tappekran, kjøl, bord og stolar.

Stilen blir gjennomført og alt frå bar og stolar til belysning vil vera i dei same fargetonane, det har Thomas sørgja for.

- Vi kjører alt i grått, sølv og svart, det er viktig at det ser fint og stilfullt ut.

CattenUTE

Konseptet har dei kalla CattenUTE og kjem til å halda ope til midnatt kvar fredag og laurdag ut september.

Plassen leiger dei frå Os kommune, som tente på planen deira umiddelbart.

- Kommunen og Søviknes var veldig positiv til ideen og hos Os Sentrumsforening får vi låna både straum og lagringsplass.

Førebudd på dårleg vêr

Både Thomas og Bjarte er smerteleg klar over at dei skulle ha kome på ideen for to månadar sidan, med den fine sommaren vi har hatt, men gler seg no veldig til å få nytta siste del av sommaren utandørs.

- Vi har jo telt og tepper, så om det blir dårleg vêr så blir det nok god stemning uansett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.