Kultur | 01. aug. 2013

The Chase på jakt

Local Heroes: Det nystarta bandet The Chase, som blant anna består av tre musikarar frå The Longshots, kjempar om oppvarmingsjobb for Kaizers Orchestra i Bergen i august.

The Chase på jakt
Emil André Nordtveit og Ine Tumyr frå The Chase. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. aug. 2013 09:03

Bandet The Chase, som blei stifta av musikarar frå Fusa og Os i vinter, og som spelte under Osøren Blues & Jazzfestival i juni, kan bli aktuell som oppvarmingsband for Kaizers Orchestra når dei kjem til Bergenhus Festning 31 august.

– Oppvarmingsbandet blir valt frå ein avstemmingskonkurranse på facebook i eit prosjekt kalla Local Heroes, fortel vokalist og frontfigur i The Chase, Emil André Nordtveit.

Her kan du lesa meir om prosjektet, og lasta ned app for å stemma på din favoritt.

– Kaizers kjem til å velja fritt eit av banda på topp 10, når avstemminga er avslutta 9. august. Nett no ligg vi på 8. plass, seier Nordtveit spent.

Sjølvlært smarting

Då Emil André Nordtveit (21) for tre år sidan flytta frå heimbygda Fusa til Askøy, der han også har ein del familie, byrja han med å realisera noko han lenge har hatt som draum; å læra seg å spela gitar.

– Pappa spelte litt då han var yngre, og gav meg eit ark med ein del akkordar på. Eg skreiv ei låt og øvde inn akkordane eg trengte for å spela den, seier Nordtveit.

Resultatet blei låta I'm not coming home, som han gav ut og sendte rundt og som raskt blei plukka opp og spelt på P1.

– Det var ganske sjukt, å debutera med ei låt som hamna rett på radio, ler han.

Parallelt med øvinga danna han bandet Livin' Right Now saman med veslebroren Frode, som den gang var 15 år, på trommer, og kameratane Håkon Haaland frå Tysnes og Erik Rolland og Håvard Skåthun frå Fusa.

Overtok tre longshottar

Nordtveit og bandet hans møtte ORBO & The Longshots på Engjavik Festival i 2011, der Longshot-medlem Paul Inge Vikingstad var lydmann. Det enda med at den unge vokalisten gjekk på scenen og song to Tom Petty-låtar med bandet frå Os.

Låta I'm not coming home blei spelt inn i ORBO sitt Hordaland Studio. Halvanna år seinare sit Nordtveit med tre av Longshottane som medlem i eige band.

– Livin' Right Now blei oppløyst og då det rundt årsskiftet blei klart at det blei minst eitt pauseår på The Longshots, og vi frå før hadde spelt og samarbeida ein del med Nordtveit, trappa vi opp og lagde eit eige band, seier Ine Tumyr.

The Chase består av Emil André Nordtveit (vokal, gitar), Erik Rolland (gitar) og tre av dei fire frå The Longshots, Ine Tumyr (vokal, perkusjon), Paul Inge Vikingstad (bass) og Stian Tumyr (trommer). Longshot Reidar Opdal (piano) speler framleis med ORBO.

Os-gitarist Steinar Lyssand stepper av og til inn som vikar for Rolland, som jobbar offshore.

– Eit produktivt halvår

The Chase fortel om ei fantastisk oppleving under Osøren Blues & Jazzfestival.

– Vi spelte på matineen i 14-tida, og folk hadde akkurat byrja å gå ut igjen og ta seg ei øl. Stemninga var super på Peppes og vi fekk ei kjempegod mottaking, synest Ine.

Elles har det første halve året til det nye bandet vore produktivt, ifølgje Ine og Emil.

– Eg har skrive mange låtar og vi har vore i Lydriket i Bergen og spelt inn eit par, seier Emil, som no bur i Os.

Ei av dei, The Renegade, blei spelt på P3 under eitt døgn etter at den var lagt på Urørt.

Her kan du høyra The Renegade og andre låtar frå The Chase (NRK Urørt).

– Vi jobbar med debutalbum og håper å snart kunna koma ut med ein singel. Parallelt med dette jobbar vi med å få platekontrakt, og når singelen er klar har vi litt promoteringsmateriell for å prøva å få oss nokre spelejobbar på festivalar neste sommar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.