Sport | 15. aug. 2013

Cupbombe i Oshallen!

Os slo ut 1. divisjonslaget Fana i første runde i NM. Taket heldt på å lette i Oshallen då handballdamene snudde kampen frå 8-13 til 20-17.

Cupbombe i Oshallen!
Vibeke Ingebrigtsen, Elise Hjelle og Irene Tangerås gliser godt etter å ha slått Fana ut av handball-NM (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 15. aug. 2013 19:25

Bildeserie:

Erlend Lyssand gav klare instrukser då Os låg under 11-16 (foto: AH)
Erlend Lyssand gav klare instrukser då Os låg under 11-16 (foto: AH)
Eit godt forsvar tippa kampen Os sin veg (foto: AH)
Eit godt forsvar tippa kampen Os sin veg (foto: AH)
Irene Tangerås skåra 11 mål (foto: AH)
Irene Tangerås skåra 11 mål (foto: AH)
Tøffe tak. Her må Emilie Hjertnes få assistanse frå Erlend Lyssand etter eit møte med Kristine Henriksen Håland (foto: AH)
Tøffe tak. Her må Emilie Hjertnes få assistanse frå Erlend Lyssand etter eit møte med Kristine Henriksen Håland (foto: AH)
"– Kom skal du få smaka Osablod" var innstillinga til Line Hjelle og dei andre osdamene (foto: AH)
"– Kom skal du få smaka Osablod" var innstillinga til Line Hjelle og dei andre osdamene (foto: AH)
Line Hjelle blei to-målsskårar mot Fana (foto: AH)
Line Hjelle blei to-målsskårar mot Fana (foto: AH)
Marte Øvreeide er kontant i forsvar og skåra eitt får strek (foto: AH)
Marte Øvreeide er kontant i forsvar og skåra eitt får strek (foto: AH)
Dagens osing: Vibeke Ingebrigtsen (foto: AH)
Dagens osing: Vibeke Ingebrigtsen (foto: AH)
1 av 8

Cupen i handball er sjansen laga nedover i divisjonane har til å møta elite- og 1. divisjonslaga. Dei siste åra har mellomanna Tertnes og Sola vitja Oshallen i 1. runde. I år var det erkerival Fana som før førre sesong rykka opp til 1. divisjon som sto på motsatt banehalvdel.

Til pause leia gjestane oppskriftsmessig 8-11, eit resultat som Ostrenar Erlend Lyssand kunne seie seg nøgd med. Osdamene hang bra med.

Etter ein litt trå start av andre omgang kor Fana går opp i 8-13 og 11-16 eksploderar det i Oshallen. På dei siste 18 minutta skårar gjestene berre eitt mål.

– Vi har Bergens beste keeper, seier Lyssand, om dagens osing Vibeke Ingebrigtsen.

Galskap og ro

Sjølv om dei ligg fem mål bak etter 12 minutt av andre omgangen misser ikkje Osdamene trua, men jobbar seg jamnt og trutt inn att i kampen.

– Vi snakka før kampen om at vi måtet ha galskap i forsvar og roen i angrep.

– Det fekk eg, strålar Erlend Lyssand.

Vibeke stengte

Smilet går nesten rundt på Ostrenaren som er mektig imponert over korleis jentene hentar seg inn att.

– Vi visste at vi kom til å få moglegheiter. Dei var det viktig å ta. I tillegg viste vi at vi måtte tørra å stå i mot trykket til Fana-angrepet. Det gjorde dei òg.

– Når Vibeke i tillegg stengjer målet, så visste vi at det kunne gå vegen, og jentene fekk meir og meir sjølvtillit utover i kampen.

– I tillegg var det eit fantastisk publikum som hjalp oss på slutten. Det var ei utruleg stemning i hallen i dag, slår Lyssand fast.

Irene med 11 mål

Irene Tangerås viste til fulle at ho framleis veit kor motstandarmålet står. Sju spelermål og fire straffer suste bak Fana-keeperane.

– Dette er noko av det gøyaste som finnst.

– Det er vel første gongen på mange år vi slår Fana. Og det smaker deilig, stråler toppskåraren etter kampen.

– Vi er utruleg tru mot det vi avtaler på førehand. Vi speler displinert og lar oss aldri stressa.

– I dag var alle gode. Dette var ein lagsiger, men likevel må eg trekka fram Vibeke i mål. Ho er berre heilt rå, jublar Irene.

Os - Fana 20 - 17 (8-11)
Tilskodarar: 151
Utvisingar: Os ingen, Fana 4 x 2 min
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Ann-Kristin Lyssand, Irene Tangerås (11), Madeleine Hjertnes (3), Marte Øvreeide (1), Line Hjelle (2), Emilie Hjertnes, Elise Hjelle (1), Maria Stangeland Lunde (2), Vilde Fyllingen, Vilde Brattabø, Hilde Kristine Røttingen, Silje Martine Årseth, Silja Espelid.

I neste runde venter vinnaren av oppgjeret mellom Stord og Hinna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.