Sport | 20. apr. 2015

Cupbombe-varsel på Lysekloster

Bookmakarane trur Lysekloster kan overraska mot Sogndal, men gir Os minimal sjanse mot Brann.

Cupbombe-varsel på Lysekloster
Os og Lysekloster speler mot Brann og Sogndal i NM på Kuventræ denne veka. Her frå seriekampen mellom dei to i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. apr. 2015 08:10

- Det er to veldig kule oppgjør, og vi trur Lysekloster fort blir ei seig nøtt for Sogndal, sier brand manager Daniel Vassbund frå NordicBet.com.

Les òg: Selte 660 billettar på 10 minutt

Lysekloster-siger gir 5.75 i odds, mens uavgjort (ordinær tid) også gir samme odds (5.75). Sogndal er favorittar til 1.35 i odds.

- Men dette er ein av kampane vi set eit lite cupbombevarsel på. Vi trur Sogndal skal slita litt, og at det endar med knepen siger til slutt, sier Daniel Vassbund.

Os-triumf over Brann gir hele 14.50 i odds, mens uavgjort gir 9 i odds og Brann-siger berre 1.10 i odds.

- Dette er årets kamp for Os, men det skal vera klasseforskjell her. Stalltipset er at Brann vinn med 2-3 mål, minst, sier Daniel Vassbund.

Odds fra NordicBet.com:
Lysekloster-Sogndal: 5.75 - 5.75 - 1.35
Os-Brann: 14.50 - 9.00 - 1.10

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.