Delar av Os sitt damelag på trening i august. (Foto: KVB)

Damelaget med styrka stall

– Held dette fram kan vi eldste kanskje starta eit 7-arlag ved sidan av, seier Jorunn Staverløkk.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det såg ei stund litt mørkt ut for spelarsituasjonen på damelaget til Os. Tonje Lindbom er no på Bali for å gå på skule og det var òg snakk om at toppskårar Vy Nguyen kom til å reisa vekk.

– Vy blei verande, vi har fått to keeperar tilbake, både Sukanya Sarasiri og Jeanett Kallekleiv. I tillegg har det kome opp fem nye, unge spelarar, fortel Jorunn Staverløkk.

Sjølv gjorde ho comeback med fotball då ho flytta til Os, for å koma i form etter fødsel.

– Eg og eit par av dei andre meir vaksne spelarane leiker med tanken på å starta eit 7-ar oldgirls-lag, om vi får inn eit par spelarar til. Men førebels gler vi oss over sjeldan god rekruttering  til damelaget.

Fem 16-åringar reddar hausten

Verken 2000 eller '99-årgangen gav påfyll til Os sitt seniorlag på damesida.

– Sånn var det med våre lag òg. Vi var heile 30 spelarar, men berre 3 av oss heldt fram etter ungdomstida, seier Malin Moldskred.

I sommar blei årets J16-lag trekt frå haustserien. Norway Cup blei siste runde for 2001-årgangen.

– Vi var ikkje i stuss om å halda fram med fotball. Vi har trent og spelt med damelaget før, og trivst veldig godt, seier to av dei, Amanda Troøen og Ida Blindheim.

Venninnene nikkar samtykkande.

– Det er greit at vi er fleire frå 2001-laget, men eg ville trent vidare med seniorlaget uavhengig av det.

– Kunne vore mykje strengare!

Både dei etablerte og dei yngre spelarane nemner lagleiinga som viktig for trivselen. Tore Nøss har vore oppmann i årevis, og hovudtrenar har sidan vinteren 2016 vore den spanske Os-spelaren Rafael Villén Villén.

– Vi har veldig gode treningsøkter, og Rafael er utruleg snill! Han kunne kanskje vore litt strengare, seier nokre av spelarane og ler. «Mykje strengare», kjem det frå Nøss.

Rafael seier han ikkje ser behov for å skrika eller kjefta.

– Dette er jenter og damer som kjem rett frå skule og jobb for å ha det kjekt med fotball. Eg prøver å legga opp til høg intensitet, men eg er ikkje typen til å vera så streng.

– Eg ser at jentene gjer sitt beste, og at dei har vist framgang. Desse nye, unge spelarane imponerer meg, dei kjem rett inn og styrkar laget!

Os vann hausten andre kamp 2-0. Det har blitt ein del tap, men fem av tapa er med berre eitt mål.

Fekk treningsleir i Spania

Før sesongstart fekk Rafael gjennomslag frå leiinga i klubben for å ta damene med på treningsleir til utlandet. Turen gjekk til Rafael sin heimby, Malaga.

– Det var veldig kjekt å få støtte av klubben, og at vi blei mange nok til å gjennomføra. Både dei vaksne og ungdomane var med, og vi hadde ei veldig god veke.

Villén hadde lagt opp til éi fotballøkt og éi alternativ økt per dag. Treninga utanom banen var alt frå yoga til beachfotball og crossfit, men alt var utandørs.

– Det var fantastisk, både sosialt og sportsleg, med karaoke og dans, mykje å le av og mange gode treningsøkter, seier Jorunn.

Damene lo av kofferten til lagleiar Tore Nøss, men Nøss fekk og ein eigen song framført til seg av spelarane. Den var naturlegvis skriven på melodien til «Tore Tang».

Samtidig er damene opptatt av å invitera endå fleire til damefotballen.

– Det er positivt med konkurranse om plassen, det er det ei stund sidan vi har hatt. Blir vi mange nok kan dei som ønskjer å spela 7-arfotball også få draumen oppfylt, seier Charlotte Balland.

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.