Dana Cup er over for gutelaga
Nore Neset G16 og G19 tok seg til 1/8-finale.
Bildeserie:
Mens tre jenter frå Os er til finalen i A-sluttspelet med Gneist er Dana Cup over for alle dei seks gutelaga frå Nore Neset.
Gutar 13 rauk ut i første kamp i A-sluttspelet, gutar 14 rauk ut i første kamp i B-sluttspelet, begge tapte 3-0 for Nøtterøy.
Også gutar 15 tapte første kamp i A-sluttspelet 3-0.
Tøffa tak tidleg på morgonen
Nore Neset stilte med to lag i gutar 16. Andrelaget vann første kamp i B-sluttspelet 2-1, men tapte 2-0 for Glassverket torsdag kveld.
Juniorane vann 2-1 over Havørn i første kamp i B-sluttspelet, men tapte 3-0 for tyske Ellereu SC i 1/8-finale, som starta 7.30 (!) fredag morgon.
Førstelaget i gutar 16 fekk òg ein tidleg kamp fredag, 1/8-finale mot Holmen, eit topplag frå Austlandet, starta klokka 8.45.
– Det er tydeleg at fleire stiller med toppa lag og med inntil tre overårige (fødd i '99) på disp. Vi har berre 2000- og 2001-spelarar med og var nok einaste breddeklubb i 1/8-finalen, seier G16-trenar Kenneth Hufthammer.
I dagens kamp hadde dei ikkje meir å gje.
– Holmen var gode, vi var tydeleg sleten. Då motstandarane fekk to tidlege mål forsvann siste håp, seier Huftehammer om kampen som enda 0-6.
Jentene hjelpte til
I tillegg til jentene som speler med Gneist har gutelaga til Nore Neset hatt jenter med seg. Det eine gutar 16-laget har hatt med seg Victoria Hufthammer, som søndag reiser til Norway Cup med Os J17, gutar 13 hadde med seg fleire yngre spelarar i tillegg til Nora Kvinge Austevoll.
Etter 2-0-siger i første kamp, der Emil Pedersen Matre skåra begge måla, blei det 0-6-tap for eit sterkt lag frå Tyskland.
Mot Skedsmo i siste innleiande blei det tettare. Her skåra både Emil og Nora, men kampen enda 2-3. I 1/16-finalen torsdag kveld blei det tap for Nøtterøy.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.