Dansar gjennom verba
Danseelevane ved Os kulturskule avsluttar skuleåret med den eigenproduserte danseframsyninga VERBO.
Bildeserie:
Torsdag 18. juni står sju av dansarane frå Os kulturskule på scenen i Oseana når dei avsluttar skuleåret med ei eigeprodusert danseframsyning.
Elevane er sju jenter, frå 15 til 18 år, som går i fordjupingsklasse i moderne dans. Saman vil dei ta publikum med på ei reise som omhandlar ei felles kjerne i alle menneske sitt liv.
– Verbo står for verb og vi har brukt verba til å laga ei danseframsyning, forklarer danselærar Patricia Langeland, som saman med danselærar Julia Agate Erstad Bergesen står for regien.
På denne dansande reisa formidlar jentene å vera, tru, håpa, tvila, gje slepp og å enda.
Lik tittel - nytt show
Ideen bak framsyninga kom av at Julia og Patricia ønska å ta fram ei framsyning som Julia var med i då ho sjølv var elev hos Patricia.
– Namnet på framsyninga var òg Verbo den gongen og tanken var å setja opp den same framsyninga.
– Men etter den førebuande prosessen har vi enda opp med ein heilt annan dans enn for 12 år sidan.
I det halve året elevar og lærarar har arbeida med framsyninga har dansen bygga seg opp etterkvart og gruppa har vore med å utforma den.
– Eg og Julia syntest det var veldig spennande at stykket blei så forandra.
Patricia trur ho veit kvifor stykket har endra seg.
– Eg trur det må vera fordi ungdomar i dag tenkjer og tolkar annleis enn for 12 år sidan.
Profesjonell og flott framsyning
Det har vore knallhard jobbing for dansarane det siste halve året, og Patricia roser dei opp i skyene.
– Dei er fantastiske, og så har vi ei foreldregruppe som er lika fantastisk, det hadde ikkje gått utan dei.
På Os kulturskule si framsyning før sommaren i fjor var heile skulen med på scena, det er noko dei gjer annakvart år.
– Sjølv om vi er færre på scenen håper vi å fylla salen. Publikum kan venta seg ei profesjonell og veldig flott framsyning.
Dei sju dansarane som står på scena 18. juni er: Amalie Lekven, Benedikte Thorsen, Camilla L. Haugland, Maja R. Holme, Selma Bunæs, Sofie Irgens-Hagevik og Åshild Os.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.