Kultur | 20. sep. 2013

Dansar liv i Øyro

– Det var så trist med dei tomme lokala. Difor spurte eg om eg fekk låna dei til å øva i, fortel Lisa Nøttseter om hennar siste prosjekt "Studio Gateplan".

Dansar liv i Øyro
Lisa Nøttseter dansar "på utstilling" i dei gamle lokala til G-Sport på Osøyro (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 20. sep. 2013 13:05

Lisa Nøttseter er ei av dei 32 som har søkt om KUP-midlar frå kommunen i haust. Prosjektet har ho kalla "Studio Gateplan", kor ho nyttar dei tomme lokala etter G-sport i Brugata til øvingslokale. Ei eventuell støtte frå kommunen vil gå til straum, lys og varme.

– Eg gjekk før sommaren og kikka på dei tomme lokala rundt i Os sentrum. Etterkvart som eg fann ut kven som eigde dei tok eg kontakt og spurte om eg kunne få låna dei.

– Folke i JOA-gruppen som eig desse lokala var veldig opne for ideen. Dei skjønte ikkje heilt kva eg hadde tenkt å gjera der, men gav meg nøklane og ønska meg lykke til, fortel Lisa Nøttseter.

– Kva er det du eigentleg held på her då?

– Først og fremst er det å ha ein stad eg kan jobba, trena, utvikla prosjekter og ideear.

– Eg hadde avtale om å låna eit studio hos Bergen Dansestudio, men hadde lyst å testa ut det å øve medan folk ser på.

– Det er skummelt, men samstundes utruleg utfordrande, for her stoppar folk opp og ser. Det gjer at eg må jobba på ein litt annan måten enn om eg hadde lukka meg inne i eit eige rom.

– No ser eg reaksjonane med ein gong og må ta stilling til om eg skal respondera i høve dei som står utanfor, eller om eg skal helde fram i mi eiga lille verd, forklarar dansekunstnaren, som nett no øver inn ei framsyning ho skal halde på Cornerteateret på Møllenpris 27. oktober.

Som skulptursymposiet

Nøttseter hadde lyst til, på sin måte, å bidra til litt meir liv på Øyro.

– Eg tykkjer det er utruleg spennande å invitera folk som går forbi inn i prosessen med å laga ei framsyning.

– Det blir litt som skulptursymposiet, kor publikum får sjå korleis kunstverka utviklar seg fram mot det endelege resultatet.

– Også syntes eg det var kjekt å få visa fram jobben min som dansekunstnar på lik linje med dei andre som jobbar i sentrum, anten det er på NAV-kontoret, apoteket eller hjå frisøren, smilar Nøttseter.

Ikkje undervisning, men...

Sjølv om ho kallar det Studio Gateplan, vil ho ikkje starta danseundervisning i lokala.

– Nei, det vil eg ikkje utsetta elevane for.

– At eg som professjonell dansar viser meg fram for opne vindauge er ein ting, men å skulle gjera det same med elevar i den spede starten av dansen, det er for meg utenkjeleg.

– Det eg derimot har ein draum om, er å kunne invitera andre dansarar og musikarar inn til små framsyninger på kveldstid, kor dei kan få testa nytt materiale på publikum.

– Det må i såfall bli eit prosjekt kor folk gjer det gratis og kor det ikkje skal kosta noko å koma å sjå, fortel Nøttseter.

Mange ballar i luften

Kor tid ho skal få tid til å organisera dette veit ho ikkje heilt.

– Det vil nok ikkje bli før seinare på hausten.

I tillegg til framsyninga på Cornerteateret skal ho i gang med ei framsyning for barn på Barnas hus i Bergen i november, og fullføra prosjektet ho har gåande med den kulturelle spaserstokken.

– Det er utruleg kjekt. Det går på at eg improviserar saman med dei eldre på Luranetunet, Gamleheimshagen og eit par stader i Bergen.

– Reaksjonane eg får når eg er ute hos dei er spennande å få. Nokre dansar med, andre syng, mens nokon igjen berre følgjer med, smilar dansekunstnaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.