Rema i idrettsvegen stengjer dørene laurdag 28. april (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dato for stenging er bestemt

Det er åtte månadar igjen av kontrakten, men ikkje lenge til Rema stenger døra i Idrettsvegen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I mars blei det kjent at Rema 1000, etter nesten 29 år i Idrettsvegen, ikkje har fått fornya leigekontrakten.

Huseigar Dagfinn Askvik har leigd ut til Norgesgruppen, mens Rema region vest har kontrakt ut 2018.

– Både vi, dei tilsette og fleire av kundane synest dette er trist og vemodig. Vi har drive god butikk her i alle år, og kunne nok drive vidare i mange år til, seier kjøpmann Trond Hope.

Trond og kona Ingunn Aadland Hope eig både Rema 1000 Kuven stasjon og Rema 1000 i Idrettsvegen. Rema region vest har no bestemt kor lenge dei kan halda butikken i Idrettsvegen open.

– Laurdag 28. april blir siste opningsdag, seier Hope.

Treng tid på å avvikla

Begge butikkane til Hope har gått med overskot alle år, også i fjor, som var eit tungt år for kjeda.

– 2018 har starta bra både for oss og resten av kjeda. Rema samla sett har mest vekst, og her i Os har vi fleire veker der vi er oppe i tilsvarande høge tal som i 2016.

– Kvifor stenger du ein butikk som går godt heile åtte månadar før kontrakten går ut? Er det eit strategisk grep, for å ha god tid på å flytta handelen over til Kuven stasjon?

– Det kan folk alltids spekulera i, men det er fleire årsaker, seier Trond og ramsar opp;

– Dei tilsette ønskjer nok snart å søkja ny jobb, å driva over sommaren når du ikkje veit om du har folk nok er risikofylt. Det same gjeld sesongvarer, det å bestilla inn lam til hausten, for eksempel, må gjerast i god tid.

– Dessutan vil det ta tid å stenga ned og rydda ut. Vi skal gjera mykje av dette sjølv, og mykje av jobben må takast etappevis, der leverandørar er inne og tar ut utstyr før vi kan halda fram med å rydda.

Fleire tilsette blir med vidare

Blant dei tilsette er det nokre som blir med vidare over i Kuven stasjon. Andre har fått jobb ved Rema-butikkar i Fana og Bergen.

– For enkelte, som skal studera, har dette vore ei god løysing. Tida vil visa kor mykje bemanning vi treng på Kuven stasjon, men vi er i samtalar med fleire frå Idrettsvegen om å halda fram i den andre butikken vår.

– Blir butikken i Idrettsvegen tømt fram mot siste opningsdag?

– Nei. Målet er å ha vanleg drift og fullt utval til vi stenger døra laurdag 28. april.

– Glad for sjansen vi har fått

Då det blei klart at Norgesgruppen fekk leigekontrakt med Askvik, var formatet passeleg for Kiwi.

Regionsjef Jan Olav Mjøs synest både lokalet og staden passar godt til ein Kiwi-butikk.

– Vi er glade og audmjuke for det fotfestet Kiwi har fått i Os. Formatet, storleik utval og pris, ser ut til å passa mange godt.

– Bygget i Idrettsvegen har passeleg storleik, god parkering og ligg gunstig plassert. Dagleg går det 13.800 bilar forbi krysset mellom Idrettsvegen og Byvegen, dessutan er det både tett med hus og gymnas, idrettsanlegg og Osbadet i same nabolag.

Bruker 4-5 veker på å bygga om til Kiwi

Sjølv om Rema stenger åtte månadar før leigekontrakten går ut, slepp ikkje Kiwi til i lokalet før 1. januar 2019.

– Når vi overtar vil det bli 4-5 veker med intensiv oppussing og innreiing, så skal vi vera klare for opning, seier Mjøs.