Lokal | 30. mai 2014

– De må utfordra oss

– Kor mykje Møllers Tran skal vi ta når vi skal byggje ut på Lurane, undrar kommunalsjef Nils-Petter Borge.

– De må utfordra oss
Nils-Petter Borge vil at Helge Olav Nygård (Krf), Arild Mats Nilsen (Ap) og dei andre politikarane utfordrar administrasjonen når Lurane no skal utvidast (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 30. mai 2014 08:37

Kommunalsjefen ber om at politikarane tørr utfordra administrasjonen når utvidinga av Luranetunet no tek til.

– Hovedutfordringa for tenesteområdet blir å laga ein så god kravspekk som mogleg til dei som skal byggja ut på Lurane.

– Det skal vara i minst 20 år, då spørs det kor mykje Møllers Tran vi skal ta. Kor hardt skal det satsa?

– Då Lurane blei vedtekten var forslaget 40 plassar, men det kom eit benkeforslag på 80. Det har vi trengt.

– Kanskje må vi ta innover oss at vi kanskje må vera litt spenstige no når vi skal utvida på nytt.

– Kanskje må de politikarar utfordra oss på om vi har tatt nok i, inviterte kommunalsjef Nils-Petter Borge i tenesteutvalet onsdag.

Frivillig omsorg blir viktig

Rådmannen har teikna eit bilete av den demogratiske utviklinga i Os kommune som allereie frå 2017 har eit bratt kurve når det kjem til den eldste delen av befolkninga.

– Pensjonistforeninga har vore litt kritiske til at dei ikkje sit i prosjektgruppa, men eg kan forsikra om at vi kjem til å bruke referansegruppa aktivt under heile prosessen.

– Spreke pensjonister treng vi inn i tenestene våre. Frivillig omsorg blir avgjerande for korleis vi lykkast i omsorgstenestene vår.

– Vi må laga eit system som tek vare på frivilligheita, forklarte Borge.

Dette fekk Borge støtte på frå politikarane.

– Eg er einig i det som går på frivilligheit og dugnad, det må nok bli enno meir av det. Os pensjonistforening er kanskje av dei som har vore best på det oppgjennom åra, sjå berre huset dei har fått til gjennom frivillig innsats.

– Samstundes treng dei offentleg støtte. Eit lite bidrag kan gjera stor skilnad, påpeika Anders Hjelle (TvS).

– Eg gler meg til vi kjem igang med Luranetunet og vidareutviklinga der oppe. Vi skal nok klara å utfordra prosjektgruppa i dette.

– Frivilligheit og dugnad er noko eg brenn for. Vi må byggje opp og finna gode måter i forhold til å ta vare på den energien dette byggjer opp under.

– Pensjonistforeninga, Sanitetsforeninga og Frivilligheitssentralen er sentrale i den sammenhengen. Dei gjer, og kan gjera, ein viktig jobb i forhold til målet om at fleire skal bu heime lenger og ha ein meiningsfylt kvardag, kommenterte Eirik André Hesthamar (Frp)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.