Sport | 17. jan. 2017

Debuterer på heimebane

J16 Os/Nore Neset debuterer i helga på heimebane i den nasjonale Bringserien mot Gneist og HK Rygge.

Debuterer på heimebane
J16 jubla for å vera klare til Bringserien. Til helga kan det bli meir å jubla for når dei møter Gneist og HK Rygge i første runde (privat foto)
Andris Hamretirsdag 17. jan. 2017 09:14

Samarbeidslaget Os/Nore Neset, som består av handballspelarar frå dei to klubbane, kvalifiserte seg før jul til den nasjonale Bringserien, kor dei over fire serierunder skal møte lag frå heile landet.

Første runde speler dei heime i både Nore Neset Aktivitetshus og i Oshallen.

– I og med at vi er eit samarbeidslag med spelarar frå begge klubbane blir det kjekt å spele på begge heimebanene. Vi startar søndag klokka 10 mot Gneist i Nore Neset Aktivitetshus, før vi møter HK Rygge klokka 16 i Oshallen, fortel trenar Trond Budal.

HK Rygge og Gneist møtast til innbyrdes oppgjer i Oshallen klokka 13.

– Vi freister å gjera runden til ei oppleving for spelarane og har fått med oss yngre lag til innløp ute på Nore Neset og håper å få til det same i Oshallen. Presentasjon av spelarane og speaker blir det uansett på alle tre kampane, fortel Budal.

Tre gode lag

Slik vurderar han dei tre laga som skal møtast søndag.

Gneist veit vi er eit veldig sterkt lag. Vi tapte for dei i kvalikken, men samstundes så har vi spelt jamnt med dei, og faktisk slått dei ein gong, når vi speler vårt beste. Det er ein utruleg tøff motstandar, så det blir ein vanskeleg kamp.

HK Rygge veit eg lite om, men dei skal ligga bra ann i sin heimlege serie og er nok eit godt lag. Ein eg har snakka med på austlandet fortel at dei har gode skyttarar og bakspillarar, så eg reknar med at det også kjem til å bli ein tøff kamp.

– Sjølv spelte vi ein god kamp i helga då vi spelte 17-17 mot Åsane, som også er kvalifisert til Bringserien, men som speler i ei anna pulje enn oss. Dei har vel ikkje sleppt inn 17 mål sidan oktober, sjølv om vi med Os 2 tidlegare i haust skåra 19 på dei. Då spelte vi ein god forsvarskamp og fekk det til å flyta rimeleg bra i angrep.

– Vi er jamt besatt på alle plassane og har spelarar med gode individuelle kvalitetar, når samspelet fungerer så kan vi sloss mot dei beste, men vi er avhengige av at både målvakt og samarbeidet fungerer, meiner Budal.

Godt trente

Ein ting er han heilt trygg på, og det er at jentene skal vera fysisk på høgde med motstandarane.

– Det er ingen av dei som skal ta oss på kondisjon eller styrke. Vi trener fire gonger i veka, pluss ei styrkeøkt, så at jentene er godt trente er det ingen tvil om, avsluttar Budal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.