Lokal | 11. feb. 2016

– Dei betaler ein rimeleg pris

Styret i Osbadet tilbakevisar at prisauka på leige av terapibassenget er urimeleg.

– Dei betaler ein rimeleg pris
Leiga på terapibassenget i Osbadet har auka med 42,9% ifølgje LHL og Revmatikarlaget (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretorsdag 11. feb. 2016 14:32

I tenesteutvalet onsdag ba Gisle Hesjedal (Ap) om ei redegjøring på prisauken LHL Os og Revmatikarlaget i Os har opplevd frå 2015 til 2016.

– For 2016 har leigeprisen i følgje dei auka med 42,9%. Prisauka rammar kronisk sjuke, og LHL opplyser at fleire av deire medlemmar har sett seg nøtt til å kutta ut treninga eller å redusera deltakinga si. Ut frå eit folkehelseperspektiv er dette svært uheldig, meinte Hesjedal som undra kva moglegheiter det var for å gjera noko med det, og om kommunen hadde fått ekstra statleg tilskot til bygginga av Osbadet fordi terapibassenget blei bygd.

Relativt sett likt som i 2006

Tor Inge Døsen, som mellom anna er styreleiar for Osbadet KF, stilte i tenesteutvalet for å orientera og å svara på Hesjedal sine spørsmål.

– Styret i Osbadet har gjort vedtak om prissetting i 2016, noko som gjorde utslag i ein betydeleg prisauke for desse laga.

– Den relative prisen dei betalar no, er den same som då vi opna badet i 2006 om du tek omsyn til SSB indeksar og kva du får for ei krone no og då.

– Det er styret, saman med leiinga for Osbadet, sin simple plikt å sørgje for at Osbadet bærer seg og ikkje lastar skattebetalarane. Osbadet er ikkje nødvendigvis ein økonomisk suksess på lengre sikt om vi ikkje følgjer med, forklarte Døsen.

Justerar på ulike vis

Døsen forklarte at brukergruppen det er var snakk om har betalt mindre enn det tildømes kommunen betalar for skulebadinga.

– Eg ser at det kan ha vore eit uventa stort hopp, men realiteten er at vi kanskje burde ha lagt på prisen 3-5% per år.

– Vi har vald ein annan strategi og justerar meir etter marknaden. Samstundes freister vi å skjema nokre brukergrupper kvar gong. Denne gongen er det andre grupper som har blitt skjerma for prisauke, men kor vi har tatt andre verkemiddel i bruk.

– Eit døme er babysvømminga kor prisen er omlag den same, men kor vi har kutta ned på antall ganger, slik at vi får plass til fleire kurs på dette populære tilbodet.

– Om desse gruppene ikkje har råd, kan vi diskutera dagtid. Frå skuleslutt til omlag klokka 17 er det vel kjent at det omtrent ikkje er folk i badet, då kan det vera ein moglegheit, men i primetime er terapibassenget fullbooka, fortalte Døsen.

Fekk ikkje ekstra middel

På spørsmålet frå Hesjedal om ein hadde fått ekstra middel til terapibassenget svarte Døsen at det hadde ein ikkje.

– I forkant av at vi bygde Osbadet hadde vi møter med nokre av dei vi antok kunne vera brukargrupper. På eitt av desse var representantar frå revmatikarane opptekne av at vi hadde planlagt eit for lite terapibasseng. Dei overbeviste oss om at ein kunne få ut Extra-middel og viste til revmatikerlaget på Askøy som hadde klart å dra ut 4 millionar ekstra.

– Dei lovte å bidra på dette, men det kom aldri noko ekstra middel, kommenterte styreleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.