Lokal | 16. jan. 2015

Dei siste kronene frå Yngve sitt fond

For 22 år sidan blei osingen Yngve Køhler Rausten drepen i USA. Denne veka blei dei siste kronene frå minnefondet hans delt ut.

Dei siste kronene frå Yngve sitt fond
Desse mottok pengar frå minnefondet, f.v.: Arne Thuen og Tore Matre, Vidar Øvredal og Jane Espeland saman med Karl Atle Pedersen. Jonny Berven innfelt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. jan. 2015 14:42

Bildeserie:

Yngve var student ved MIT i USA då han blei drepen. (Privat foto)
Yngve var student ved MIT i USA då han blei drepen. (Privat foto)
Familien: Yngve si mor Inghild og broren Dan-Jarle saman med forloveden Torill Keys og sonen Daniel. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Familien: Yngve si mor Inghild og broren Dan-Jarle saman med forloveden Torill Keys og sonen Daniel. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Styret, oppe f.v.: Anne Merete Heggland, Inghild, Ellen Merete Lyssand, Turid Tangen, Ingeborg og Øystein. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Styret, oppe f.v.: Anne Merete Heggland, Inghild, Ellen Merete Lyssand, Turid Tangen, Ingeborg og Øystein. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Etter tildelinga var det kaffi og prat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Etter tildelinga var det kaffi og prat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Inghild takka styret med blomar og vin, éin og éin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Inghild takka styret med blomar og vin, éin og éin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øystein Moberg takka for samarbeid i styret og for oppmøtet under avsluttinga av minnefondet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øystein Moberg takka for samarbeid i styret og for oppmøtet under avsluttinga av minnefondet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6

Fredag 18. september 1992, ein månad før han ville fylt 22 år, blei osingen Yngve Køhler Raustein drepen i Cambridge, nabobyen til Boston, i USA.

Yngve studerte romfartsteknologi ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Han og kameraten blei angripen av tre studentar frå ein annan skule då osingen blei stukken med kniv. Femten år gamle Shon McHugh blei dømt for drapet.

– Det var naturlegvis ei utruleg tung og trist melding å få, ikkje minst for familien, men også for oss andre. Mange i Os var sjokkerte over den tragiske hendinga, seier Ingeborg Irgens-Hagevik Garvik.

Ho er ven av familien og var blant anna engasjert i Redd Barna saman med Yngve sin far, Elmer.

– Vi var fleire som hadde ungar på same alder, som syntest dette var heilt forferdeleg. «Kva kan vi gjera for å minnast Yngve, og for å forebygga blind vald her i Os» spurde vi oss.

10. desember same år var første styremøte i det som blei «Yngve Køhler Raustein minnefond til støtte for tiltak for å forebygge vold».

Bygd og bedrifter samla inn pengar

Firma og privatpersonar i Os støtta opp om minnefondet. Familien til Yngve stilte opp i Se & Hør og fekk både pengar for intervjuet og plass til kontonummeret til minnefondet i artikkelen.

– Det kom inn pengar frå heile landet, men naturlegvis mest frå Os. kameratar av Yngve har også halde fest der dei har samla inn pengar til fondet, fortel Øystein Moberg.

Øystein er i slekt med Ingeborg og var som jurist med på å forma stiftinga. Han har også vore styreleiar.

Fondet var i det meste oppe i 200.000 kroner. Desse har vore plassert i eit rentefond. Før fondet no blei avslutta hadde det vore fem tildelingar av midlar.

Kostnadane blei høgare enn rentene

Årsaka til at fondet no er avslutta er at det i 2005 kom nye krav til stiftingar.

– Krava var strengare enn for små aksjeselskap. Vi måtte ha rekneskapsførar og revisor. Sjølv om vi berre hadde tre bilag i året, og desse var rekningar til nettopp rekneskapsførar, revisor og stiftelsestilsynet, var kostnadane høgare enn rentene.

Det var ei stund snakk om å endra krava for mindre stiftingar, men då desse endringane ikkje kom blei det beslutta å avslutta minnefondet før all kapitalen hadde gått med til utgifter.

– Dette fondet har betydd mykje for oss i familien. Det har vore ein fin måte å minnast Yngve på. Ved kvar utdeling har vi også fortalt historia hans, for dei som ikkje kjenner den, seier Yngve si mor, Inghild Køhler Raustein.

– Det er trist at minnefondet no blir avslutta, men det er nok det beste slik reglane er no. Eg og resten av familien vil uansett takka for det engasjementet som har vore, både i styret og i heimbygda vår.

Delte ut 150.000 kroner

Tysdag denne veka blei resten av fondet delt ut, og den sjette og siste utdelinga blei også den største.

Mottakarane er fire privatpersonar og idrettslag som gjer ekstra mykje for ungdom.

Desse mottok pengar

Jonny Berven, 20.000 kroner
Jonny, som dessverre ikkje kunna koma på tildelingseremonien i Røde Kors-huset i Kolskogen, driv Den lille musikkskolen.

Os Håndbakklubb, 40.000 kroner
– Vi har gratis medlemsskap og lite pengar i omlaup i klubben. Pengane kjem til å gå til utstyr, til å skifta ut nokre av dei fem borda våre, dei som er heimelaga. Vi har også ambisjonar om å arrangera NM igjen. Desse pengane betyr veldig mykje for oss, seier Tore Matre.

Os MC & MX klubb, 40.000 kroner
– Vi jobbar, som du veit, med finansiering av ny bane. Sidan kontrakten på området dessverre framleis ikkje er i orden har vi førebels ikkje kunna søka om støtte hos for eksempel Gjensidige. Dette er første bidrag til utvidinga vår og vi er utruleg takksame, seier Jane Espeland.

Vidar Øvredal, 50.000 kroner
I 20 år har Vidar drive aktivitetar for ungdom, blant anna dei som får tilbod utanom tradisjonell undervising.
– Vi har base i Sankthanshaugen, men er ofte på utflukt. Vi held på med alt frå matlaging og baking til vedhogst, sykkelturar og padling. Eg disponerer bra med utstyr, men drifta kostar, og det blir stort sett alltid gjort meir enn kva det er midlar til. Dette er til stor hjelp for arbeid med ei veldig fin gruppe ungdomar, seier Vidar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.