Sport | 28. juli 2011

Den siste finpussen

Om ei veke ror dei jr-VM i London. Den siste finpussen tek dei på Ulvenvatnet.

Den siste finpussen
Andris Hamretorsdag 28. juli 2011 11:00

Amund Bjørnevik frå Os Roklubb og Martin Helseth frå Ålesund kvalifiserte seg til jr-VM i roing då dei blei suverene nordiske meistrar i byrjinga av juli.

- Vi turde ikkje heilt å tru at vi skulle bli tatt ut, men hadde sjølvsagt håpet, fortel dei to talentfulle roarane då Midtsiden.no møter dei på trening før avreise til London.

For å få erfaring

Dei to ror saman i 2-ar utan styrmann, ei båtklasse kor kvar av dei har berre ei åre og kor det å halde balansen i båten er ein sentral nøkkel til sukess.

- Dei ror utruleg godt i lag og har gjort store framsteg dei siste vekene, skryt trenar og sportsleg leiar i roklubben Audun Hadler-Olsen.

Bjørnevik og Helseth ror i jr-A-klassa for gutar fødd i 1993 og 1994. Sidan båe er fødde i 1994 har dei framleis ein sesong til å hevda seg på i klassa.

- Kva er målsettinga dykkar i London?

- Målet er ein semifinale, men først og fremst ser vi på det som ein nyttig og god erfaring, fortel Helseth.

- Vi veit lite om dei vi møter der borte og kva dei er gode for, så det skal bli spennande å få måle seg mot dei beste i verda og finne ut kor vi ligg, supplerar Bjørnevik.

Som to dråpar vatn

Trenar Audun Hadler-Olsen fortel at dei to ro-talenta er utruleg like på dei fysiske testane dei har vore gjennom i Talentsenter Vest.

- Det trur eg er ein klar fordel. Det gjer at vi klarar å presse oss like mykje, fortel Helseth som òg er sjef i båten.

Han styrer nemlig roret og sitt på stroke-plassen (den som styrar takt og retning).

- Har dykk konkurrert mot kvarandre i singelbåt tidlegare i karriera?

- Ja, og der er vi ikkje like i det hele tatt, smilar Bjørnevik.

- Eg må nok innrømma at Martin var mykje betre enn meg.

Møttes i Tyskland

Dei to deltok båe i elitestemnet Baltic Cup i Hamburg sist haust. Då i kvar sine båtar kor Amund rodde firar saman med tre Fana-gutar.

- Eg hadde rodd toar utan styrmann tidlegare, men var på jakt etter ein makkar som passa meg fysisk og som hadde dei same ambisjonane som meg, forklarar Martin Helseth.

- Vi kjente jo til kvarandre gjennom mange år frå dei yngre klassane og fann ut at vi kunne gjera eit forsøk saman, supplerar Bjørnevik om kvifor det blei dei to i same båt.

Gjennom Kraftsenter Vest (roforbundets tilbod til dei beste roerane på Vestlandet) har dei to trent samen og fått eit treningsopplegg som passar båe to og som klubbtrenarane har kunne hjelpe dei å følgje.

- Dette samarbeidet er viktig for å gje dei beste god matching og trening.

- Samstundes er det viktig for oss om trenarar å kunne utveksla treningsopplegg og program slik at utøverane våre er nokonlunde likt trente når dei skal ro saman, forklarar trenar Hadler-Olsen.

Tung trening i Ålesund

Sidan dei to blei tatt ut til jr-VM har dei trent saman mest kvar einaste dag.

- Først hadde vi ei tøff treningsperiode med mykje langøkter med lav intensitet heime i Ålesund, fortel Martin.

- No har vi flydd ned hit og nyttar tida på Ulvenvatnet til å spisse fomen inn mot meisterskapet, supplerar Amund som gjorde Ålesundar av seg i halvanna veke.

- Ålesund er ein forhaldsvis stor klubb med tidlegare landslagstrenar Åke Fiskestrand som formann, så det at dei har trent i det miljøet før dei kom ned her til meg trur eg har vore lurt, forklarar Audun Hadler-Olsen som no har fått ansvaret for å spissa formen til dei to gutane.

Til London og jr-VM reiser den norske troppen med 12 utøvarar fordelt på to toer utan styrmann (ein jente- og ein gutebåt), to dobbeltscullarar (også her ein for jenter og ein for gutar) og ein dobbeltfirer for gutar. 20 nasjonar skal vera kvalifisert til VM.

Toaren som Bjørnevik og Helseth ror er den einaste frå Norden i den klassa. Vegen fram til ein semifinale er innleiande heat torsdag, evnt oppsamlingsheat fredag før semifinalane roast på laurdag. A- og B-finalane går sundag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.