296 meter lange Lepsøybrua er den som har dårlegast tilstand, ifølgje vegvesenet sin eigen rapport. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Den verste brua i Os

VG har fått innsyn i vegvesenet sine rapportar. Sånn er situasjonen i Os.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dei siste vekene har VG fortalt om tilstanden på Noregs 16.971 bruer etter at dei i mars i år fekk innsyn i vegvesenet sine rapportar.

– Det er ikkje tvil om at vi har eit etterslep, seier avdelingsdirektør Grethe Vikane i Statens vegvesen til Midtsiden.

– Men mengda inspeksjonar er fleire enn dei som står oppført i systemet vi bruker, «Brutus». Her har vi hatt for dårleg praksis med å føra inn det som er utført.

Ifølgje rapportane står 1.087 av bruene med store eller kritiske skadar for bæreevne eller trafikktryggleik. 

Lepsøybrua er éi av dei. Dette er blant det som står i rapporten:

Løse skruer/nagler på fuge/fugekonstruksjon. Kritisk skade som truer trafikksikkerheten, med høyeste grad av konsekvens.
Skadegrad (1-4): 4
Konsekvens for trafikksikkerhet (1-4): 4

Der står det også om planlagte tiltak:

1. oktober 2017: Omfatter mekanisk reparasjon av betongskader i kasse, dekke og kantdrager. Ny føringskant støpes.
31. desember 2017: Omfatter etablering av avløpsrør og dryppnese i uk kasse.
31. desember 2020: Fornyelse, membran
17. november 2024: Omfatter utskifting av fugekonstruksjonen i begge bruender.

Kan få 15 millionar kroner

I slutten av september fortalte vi om fylkeskommunen sitt forslag til investeringsprogram for fylkesvegnettet i 2018 og 2019.

Her står det blant anna pengar til desse tre bruene i Os:

• Strøno, FV 160: 4 mill (2018)
• Lepsøysundet, FV158: 3 mill (2018) + 12 mill (2019) = 15 mill
• Osøyro, FV 552 (ved Best/Holt): 10 mill (2020)

Vil bygga nytt fortau

Om det kjem pengar til bruene i Os, i tråd med forslaget, kan arbeidet med Lepsøybrua starta neste år.

– Nye brufuger, altså overgangen mellom bru og fastland, er blant det som står på lista. Det same er nytt dekke.

– Når nytt dekke skal leggast blir nok det gamle fortauet tatt vekk, og nytt blir bygd opp etter at nytt dekke er lagt, seier Gunnar Djuve frå Statens vegvesen.

– Blir også nytt fortau med skrå kant, slik det er i dag, at bilar lett kan køyra opp og ned på fortauet om dei møter motgåande trafikk?

– Dette er arbeidet er ikkje prosjektert enno, så eg kan ikkje seia noko om utforming.

Stort arbeid på Byvegen ved Best

Mens Strønebrua har kablar som skal malast, er det ein anna, mindre synleg bru, som det òg er forslag om å setja av mykje pengar til.

«Osøyro, FV 552» er ikkje, som vi i Midtsiden først trudde, Osbrua på Hatvikvegen, men brua over Baronselva på Byvegen ved Holtbrekka og Best-stasjonen.

– Her er nokre stålrør korrodert på innsida, og dette må reparerast. Det blir eit ganske omfattande arbeid, ikkje minst trafikkavvikling, seier Djuve.

Dette arbeidet er, i forslaget, planlagt å gjennomførast først i 2020.