Næringsliv | 18. okt. 2015

– Denne fiksar vi sjølv

Os Auto har utvida med karosseriavdeling.

– Denne fiksar vi sjølv
Fire av dei fem tilsette hos Os Auto, Yngve Bergo og Rune Hagevik bak, Svein Elling Sælen og Rune Balland t.h. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. okt. 2015 07:20

Os Auto har i fleire omgangar utvida fagområda og utvalet i verkstaden i Jordmorsvingen, til dekkhotell, bruktbilforhandlar, Tysse-forhandlar og autorisert MC-verkstad.

– MC følgjer naturlegvis årstidene, med ekstra pågang før og etter sesong, seier medeigar Rune Balland mens det står to mc-ar for reparasjon i oktober.

– Tysse-hengarar har det gått dobbelt så mange av som i fjor, berre i førre veke selte vi sju hengarar.

Men det er éi kundegruppe dei lenge har sakna å kunna hjelpa.

Ny avdeling - utvida stall

– Det hender ofte at vi har kundar innom på service eller mekaniske reparasjonar, som samtidig vil retta ein småskade på karosseriet.

No har verkstaden investert i rettejigg, program med karosseridata - og ein nytilsett bilopprettar i full stilling.

– Svein Elling Sælen har lang og brei erfaring. Dessutan kan vi bruka han på mekanisk, fortel Balland.

– Lakkkering har vi ikkje plass til sjølv, så der samarbeidar vi med ein annan lokal verkstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.