Lokal | 16. aug. 2016

Denne veka er bornas veke

– Denne veka er bornas veke og den er viktig. Ein god start er god investering i eit vidare liv, skriv Laila Reiertsen i dette lesarinnlegget.

Denne veka er bornas veke
Laila Reiertsen (Frp) peiker på kor viktig det er å gje borna ein god start (foto: Andris Hamre)
Lesarinnleggtirsdag 16. aug. 2016 08:18

Tusenvis av våre håpefulle små og store born gjer seg denne veka klare for eit nytt barnehage, og skuleår. Mange med både små og store sommarfuglar i magen. Og ikkje berre hos borna, men og hos deira næraste - foreldra. Jamvel er det nok litt spenning for alle dei barnehagetilsette og lærarar som har eit stort ansvar for at alle skal få ein så god start som mogeleg.

Dessverre er det også sånn at etter ein sommar er det fleire familiar som ikkje fungerer saman lengre. Mange foreldre skil lag noko som er trist og leit. Men her er det viktig at ein som foreldre heile tida klarar å setja borna først. Ikkje la konfliktar og sjølvego gå utover borna.

Regjeringa har satt av mykje midlar til familievernet. Nettopp for at ved familiebrot skal familievernet kunna hjelpa. Slik at familien skal kunne fortsetja til det beste for borna, sjølv om familien er vorten todelt.

Eg har snakka med mange barn som opplever skilsmisse. Deira ønskeliste er kort men av stor verdi. Ein verdi som foreldra bør ha som fasit når eit brot er den einaste løysinga. Born ønskjer å bu i nærleiken. Dei ønskjer at foreldra er vener. Dei ønskjer ikkje krangling i deira nærleik. Spør borna kva dei meiner, men la dei ikkje bestemma kva som skjer. Ikkje konkurrer om kven som er den beste forelderen. Borna er lika glad i begge foreldre sine. Ikkje bruk borna som budbringarar. Og la dei behalda deira liv.

For alle desse borna er det kanskje ekstra sårt og vanskeleg å starta opp i barnehage og skule. Difor er det viktig at alle desse også får den gode starten på det vidare livet saman med alle andre.

Denne veka er bornas veke og den er viktig. Ein god start er god investering i eit vidare liv.

Ønskjer alle born og deira foreldre, samt alle tilsette som gjer sitt til at born trives og har det godt ein god barnehage og skulestart.

Laila Reiertsen
Familiepolitisk talskvinne FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.