Lokal | 17. jan. 2017

Derfor går det gale i Hagavik

Lastebilar på veg til Kysthospitalet køyrer seg stadig fast i feil ende av Hagaviksbakken.

Derfor går det gale i Hagavik
Ryggande lastebilar er vanlig utsikt i Hagaviksbakken. Anbefalt køyrerute frå Gulesider.no innfelt. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. jan. 2017 12:21

Bildeserie:

For ordens skyld - her er rett rute til Kysthospitalet. (Google Maps)
For ordens skyld - her er rett rute til Kysthospitalet. (Google Maps)
1 av 1
For ordens skyld - her er rett rute til Kysthospitalet. (Google Maps)

Frå bustadane i Hagaviksbakken er det ikkje berre fin utsikt over Skeisosen, ryggande lastebilar har blitt eit meir eller mindre fast innslag.

– I går skjedde det igjen, og det er ikkje lenge sidan sist. Så vidt vi har fått med oss har det skjedd minst tre gongar dei siste to månadane, fortel ein Midtsiden-tipsar.

Vedkomande antar at lastebilane og vogntoga som køyrer feil er på veg til Kysthospitalet for å levera varer.

Bilane tar av ved krysset inn mot Dahlsvegen og køyrer ned Hagaviksbakken til sjøen. Dei kjem seg nær Kysten, men kjem seg ikkje heilt fram.

– Enkelte klarer å snu, andre må rygga heile vegen opp.

– Burde vore skilta

Eit søk på køyrerute til Kysthospitalet, både på Google Maps og Gulesider.no, viser anbefalt køyrerute ned feil veg.

– Eit skilt på toppen av bakken kunne nok ha hindra ein del feilkøyring, meiner tipsar.

På Ole Bulls veg over Søvikåsen, som er godt skilta, er det likevel lastebilsjåførar som køyrer feil, men ikkje så ofte.

Hagaviksbakken er, som Ole Bulls veg, kommunal.

– Dette har vi ikkje høyrd om før, men vi vil sjå på saka, seier Elisabeth Thomassen i Os kommune per sms til Midtsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.