Lokal | 14. apr. 2015

Desse får KUP-midlar

Formannskapet delte tysdag ut 700 000 kroner til frivillige lag og organisasjoner i Os. Her er oversikta over mottakarane.

Desse får KUP-midlar
Trampetten til Os Turn er ei av dei som fekk støtte frå KUP-midla. Støtta går til ei ny matte «Air Floor» (foto: KVB)
Andris Hamretirsdag 14. apr. 2015 11:27

I samband med budsjettet for 2015 satte kommunestyret 1 million kroner til kommunale KUP-midla (Kulturelt utviklingsprogram) som delast ut etter søknad.

Totalt blei det søkt om 3,5 millionar kroner, noko som vitnar om eit rikt kulturliv.

Formannskapet delte allereie i oktober 2014 ut 300 000 kroner til Osfest.

Vil nå flest mogleg

Eit underutval beståande av ordførar Terje Søviknes (Frp), varaordførar Marie Bruarøy (H) og Lars Atle Skorpen (Ap) hadde på førehand gått gjennom dei 61 søknadane.

– Søkandane har blitt handsama i dei tre grupperingane som administrasjonen hadde skissert.

– Vi har freista å treffe flest mogleg, og samstundes prioritert tiltak som rettar seg mot barn og unge, forklarte Søviknes.

Kvifor midlar til utstyr?

Jon Sivert Rykkel (V) var ikkje misnøgd med den jobben underutvalet hadde gjort, men stilte spørsmålsteikn om KUP-midlane fevna for breitt.

– Det er utruleg mykje bra søknader og tiltak, men eg stussar litt når vi gjev midlar til utstyr.

– Hører ikkje dei søknadane i ein heilt annan boks, undra Rykkel.

Mange skal føle dei kan søka

Han fekk ikkje støtte i synspunktet.

– Eg er begeistra over den mengden og søknadene vi får inn. Det er heilt håndterbart.

– KUP-midlane skal vera slik at mange føler seg søknadsberettiga.

– Så har vi forsøkt å finna nokre av tiltaka som kan vera varige og permanente, særleg når dei kan bli nytta av mange, svarte Lars Atle Skorpen.

Eit samla formannskap gjekk for underutvalet si innstilling og delte ut dei siste 700 000 kronene til følgjande mottakarar:

Søkjar

Formål

Tildeling kr.

Os kulturutvikling

Sommarutstilling SkulpturiOs

70000

Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim

Konsertar og arrangement

50000

Os orienteringsklubb

Kulturløype stolpejakt og «finn fram på Øyro»

30000

Stiftelsen MusicaNord

Oseana Kammer Fest

30000

Kulturevent

Familiearrangement i Os

20000

Nore Neset Grendalag

Scenelys i Symrasalen

15000

Søre Øyane Naturbarnehage

Merking eventyrløype i Kobbavågen/Ternehaugen

20000

Os Hundeklubb

Nytt agility-utstyr

10000

Os Kobudokan Karateklubb

Konkurransematter og poentavler til NM i Oshallen

28000

FAU Lysekloster barneskule

Klatrepyramide

25000

Os turn, trampett

Ny matte/ «Air Floor»

35000

Oseana Kunst og Kultursenter

Tilskot til Seniortreff

50000

CISV Os

Internasjonal barneleir i Os

10000

Vidar Bratlund-Mæland

Julehefte til skulane i Os

20000

Os Svømmeklubb

Osmesterskap/kompetanse

32000

Os turlag

Aktivitetar til Friluftslivets år 2015

20000

Lysekloster Idrettslag

Framo Lysekloster cup

20000

Os revmatikerlag

Sommertur til Ramsholmen

5000

Os turn håndball

Guttehåndballdagen

20000

Os musikkforening

Samspel for unge blåsarar i Os

30000

Alle fotballklubbar i Os

Jentefotballdagen

20000

Helge Haukeland

Formidling av natur/miljø til barn

20000

Opera Omnia

«Tidsrom», møte mellom natur og kultur

20000

Søre Øyane Arbeidsstove

Tilskot til drift av arbeisstove for barn og unge

10000

Søfteland Turn&Il

Opparbeiding av turstiar i nærområdet

30000

Os Mannskor

Gjenvisitt frå Os Mannskor i Østerdalen, tilskot

20000

Os Orienteringsklubb

Tilskot til oppstart av klubb

20000

Os ungdomsklubb

Oppstart ny klubb

20000

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.